Familievenleg fisketur i båt

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Dato: Mandag 1 jul 2019 - tirsdag 27 aug 2019 Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

I sommar kan du ta med heile familien på fisketur i båt på Opheimsvatnet.

Dette er ein familievenleg aktivitet der ein fiskar etter aure frå båt med oter eller stang. Oter er ei fjøl med line som har ca 10 fluger som går ute i vatnet medan båten med elektrisk motor har passe fart i forhold til vind og bølgjer. Stengene blir brukt samstundes til fiske med floge eller sluk / spinner. Turen blir avsluttta på land med leikar for heile familien og grilling av dagens fangst med flatbrød inntil.

INFORMASJON OM AKTIVITETEN
Booking: Aktiviteten varar frå kl. 10.00 - 15.00 og er tilgjengeleg på førespurnad i juli og august.
Oppmøte: På Myrkdalen Hotel kl. 10.00
Pris: 550 kr for vaksne/ 250 kr for born. Redningsvestar, fiskestenger og oter er inkludert i prisen.
Maks antal: 6 personar
Anbefalt alder: Frå 5 år og oppover
Ta med: Mat, drikke og varme klede for dagen

FRÅ MYRKDALEN TIL OPHEIMSVATNET
Frå Myrkdalen Fjellandsby køyr 10 km til rundkøyringa på Vinje. Ta til venstre og forset på E16 mot Oslo/Sogn i ca 3 km. Når de har passert ei bru til høgre med skilt til Vasstrondi, forset i ca 50 meter før de parkerer ved eit oransje hus like ved vegen (rett før aldersheimen). Båten ligg ved ei lita brygge nedanfor det oransje huset.

Vis mer

Occasions

Date Time Location    
1 Jul
Mandag 1 jul 2019 10:00 - 15:00 Myrkdalen Fjellandsby
2 Jul
Tirsdag 2 jul 2019 10:00 - 15:00 Myrkdalen Fjellandsby
8 Jul
Mandag 8 jul 2019 10:00 - 15:00 Myrkdalen Fjellandsby
9 Jul
Tirsdag 9 jul 2019 10:00 - 15:00 Myrkdalen Fjellandsby

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    250 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person