Trening i storslalåm

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

Ynskjer du å bli betre teknisk i bakken, og vil ha større utteljing på fart og konsentrasjon? Då tilrår me storslalåm-trening.

Dette er eit tilbod du kan nytta deg av ei gong eller to, eller bli med ti gonger og set deg eit mål om kva du vil oppnå i løpet av vinteren! Me garanterer finjustert teknikk og at du blir ein betre skikøyrar. Her brukar Skiskulen kun ISIA godkjende skilærarar som har den kunnskapen som skal til for å få deg så god som du ynskjer det.

PRIS
600 kr per person per gong. Minimum 4 påmeldte per gong. Ved færre enn 4 påmeldte tek skiskulen kontakt med deltakarane for alternative løysingar.

TIDSPUNKT
Laurdagar kl 10 - 13 i heile vintersesongen.

OPPMØTE
Møt opp ved møteplassen utanfor Myrkdalen Sport og Skiutleige seinast 10 minutt før aktiviteten startar

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.

ONLINE BOOKING
Trening i storslalåm kan bestillast online innan 24 timar før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til [email protected]

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    600 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person