Carvingkurs for damer

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Dato: Lørdag 13 apr 2019 - lørdag 27 apr 2019 Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

For alle som har lyst til å setja seg eit mål i løpet av vinteren, og jobba for å nå dette målet. Dette er eit tretimars kurs som blir arrangert kvar laurdag, der du får konkrete arbeidsoppgåver du kan arbeida vidare med på eiga hand.

Kurset passar for for dei som kjenner på til dømes nervøsitet, har lyst men tør ikkje - eller har lyst men klarar ikkje å vekkja skigleda på eiga hand. Under kurset får ein rettleiing på skikøyring og arbeid med tankemønster.

Kurshaldarar har gode evne til å skapa trygge læringsrammer. Ingen krav om eigen ferdigheit, då me set opp fleire grupper ved behov.

PRIS
Kr 590 per person
Minimum 4 påmeldte per gong. Ved færre enn 4 påmeldte tek skiskulen kontakt med deltakarane for alternative løysingar.

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.

OPPMØTE
Møt opp ved møteplassen utanfor Myrkdalen Sport og Skiutleige seinast 10 minutt før aktiviteten startar

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten kan bestillast online innan 24 timar før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til [email protected]

Vis mer

Bestill nå

Available on: 27.04.2019
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    590 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person