Skikurs for born - laurdag og sundag

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

Born på ski skal vera glade og trygge, og det er godt for foreldra å vite at borna har den kunnskapen som skal til slik at heile familien kan ha det kjekt på ski i lag. Skiskulen sine skikurs for born går kvar helg gjennom sesongen.

KATEGORIAR
Nybyrjar - har ikkje stått på ski før, treng å læra å ploge.
Vidarekomen - klarar seg i barneområdet, kan ta tallerkenheisen åleine og klarar å ploge, bremse og svinge sjølv.
Ekspert - står på ski uanstrengt i heile anlegget.

PRIS
800 kr per person for ei helg. Minimum 4 påmeldte. Ved færre enn 4 påmeldte tek skiskulen kontakt med deltakarane for alternative løysingar.

TIDSPUNKT
Kl 10.00 - 12.30 både laurdag og sundag

OPPMØTE
Møt opp ved møteplassen utanfor Myrkdalen Sport og Skiutleige seinast 10 minutt før aktiviteten startar. Føresette må vera med på oppmøte.

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten kan bestillast online innan 24 timar før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til [email protected]

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    800 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person