Myrkdalen Rundt

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

Myrkdalen Skiskule inviterer til det populære fartsrennet Myrkdalen Rundt laurdag 13. april. Her gjeld det å koma seg rundt store deler av anlegget kjappast mogleg - enten saman med eit lag beståande av 3 personar eller som individuell deltakar.

Du kan også ta med deg heile familien og konkurrera i familieklassen på idealtid!

KONSEPT
Oppmøte ved påstigning av Myrkdalsekspressen kl 16.00. Konkurransen går frå botnen av Myrkdalsekspressen, så ned løype 6 til Vetlebotn, opp Kråni-trekket, deretter løype 19 og opp Storhaugsekspressen, ned løype 18 til Vetlebotn og opp Kari Traa - trekket. Deretter ned løype 10 og 1 køyre til målområet ved Myrkdalen Hotel.

TRE ULIKE KLASSAR:
1. Lag på tre personar herrelag/ damelag/ miksa lag
2. Individuelll klasse herre/ dame
3. Familieklasse ( idealtid)

For å delta individuelt eller på lag må ein vera 15 år. Startnummer er basert på kven som melder seg på fyrst i dei ulike klassane. Familieklassen startar sist.

UTSTYR
Hjelm er obligatorisk og me anbefaler bruk av ryggskinne. Ein kan ikkje starta i fartsdress - alle må ha på seg skibukse og skijakke.

PRIS
300 kr per person for individuell start
600 kr for lag (200 kr per person)
500 kr for familielag.

Klokkeslett for premieutdeling kjem me tilbake til, men det vert forhåpentlegvis forrykande stemning på Pudder Afterski og me har mange fine premiar!

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    200 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person