Bli betre på telemark

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

Laurdag 2. mars kan du forbetra telemark-teknikken din med Myrkdalen Skiskule, Free the heel - free the mind!

Denne dagen er for alle som har lyst til å forbetra teknikken og beherska ulike forhold. Kanskje strevar du med balansen, manglar litt sjølvtillit eller tykkjer det er vanskeleg med krevjande terreng, snøforhold eller flatt lys?

KURSLEIAR
Kursleiar Morgan Lewis gjev deg gode tips på alt dette! Morgan har trinn 4 ISIA telemark skilærar med over 20 års erfaring og trening.

PRIS
Kr 1190,- per person (Heiskort kjem i tillegg)

TIDSPUNKT
2. mars kl 09.30 - 15.30

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.

OPPMØTE
Møt opp med alt utstyr klart ved møteplassen utanfor Myrkdalen Sport og Skiutleige seinast 10 minutt før aktiviteten startar

ONLINE BOOKING
Aktiviteten kan bestillast online innan 24 timar i forkant. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til [email protected]

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    1190 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person