Skredkurs for vidarekomne

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

15. - 17. mars arrangerer Myrkdalen Skiskule skredkurs for vidarekomne. Ynskjer du å køyra ski i brattare terreng og vite når det er tryggast å gjera dette? Eller kanskje ynskjer du å bli betre på å ta eigne vurderingar? Då er dette kurset for deg!

Skredkurs for vidarekomne forutset at deltatakarane har gått på skredkurs tidlegare (eller har tilsvarande grunnferdigheiter frå før). Me byggjer vidare på tema frå grunnkursa og dykker djupare i snødekket, ferdsel i bratt vinterfjell og skredfarevurdering.

Saman drøfter me tema som dukkar opp på turane, eller som de ynskjer å læra meir om. Me ser blant anna på ulike testar, terrengklassifisering og prosessar i snødekket. Me har mykje fokus på snøkunnskap, då dette legg grunnlaget for skredvurderinga og vil gi deg betre beslutningsgrunnlag for å køyra ski i brattare terreng.

Me anbefalar dette kurset for alle som vil bli tryggare på eigne avgjersler og som vil gå to dagar på tur med likesinna. Du må ha gode skiferdigheiter og ha erfaring med å bevega deg i vinterterreng, samt kunne gjenkjenna skredterreng og ha trent på trygge vegval. Undervegs vil du også få tips mtp skiteknikk, både på veg opp og på nedkøyringa.

TIDSPUNKT
15. - 17. mars
Kursstart fredag 15. mars kl. 18.00.

PRIS
Pris: 2900 kr per person. Heiskort kjem i tillegg

UTSTYR
Sender/mottaker, spade og søkestang. Rando eller telemarkski, kart over området og kompass med klinometer.

KURSHALDAR
Kurshaldar har yrkesutdanning innan ski og skred frå skredvarslinga (Varsom), er NF godkjent skredinstruktør og jobbar i det daglige som skiinstruktør/toppturguide i Myrkdalen.

Alle påmelde vil verte kontakta i god før kurset.

Vis mer

Om denne aktiviteten