NF Grunnkurs Skred

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Dato: Torsdag 28 feb 2019 Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

Ynskjer du å læra meir om korleis du kan gjera gode vurderingar i fjellet, særleg med tanke på skred? Då er dette kurset for deg!

På eit NF godkjent skredkurs lærer du å planleggja toppturen og bruka skredutstyr, og me går djupare inn på skred- og terrengvurdering. Formålet med kurset er å oppnå forståelse av snøskred, vurdering av terreng, andre forhold som påverker skredfaren og betydninga av den menneskelege faktorern.

Turplanlegging, vegval og risikoreduserende atferd er ein naturlig del av kurset. Sjølvsagt gjev me også ei innføring i kameratredning. Kurset fylgjer Norsk Fjellsportforum sin mal for grunnkurs og har NF godkjent skredinstruktør alpint.

TIDSPUNKT - 28. FEBRUAR TIL 2. MARS
Kurset går over tre dagar med start kl. 09 kvar morgon. På dagtid er me ute og praktiserer, medan på ettermiddagen blir det litt teori. Den siste dagen er kursdeltakarane ansvarlege for å planleggja og gjennomføra ein tur. Kurset er ferdig ca kl 16.00

UTSTYR
Deltakarane må ha randoneeski, telemarkski eller splitboard. I tillegg treng du spade, søkestang og sendar/mottakar. Du må også ha med kart over Myrkdalen, og kompass med klinometer.

PRIS
Kr 3500 per person (heiskort kjem i tillegg)
Maks 6 deltakarar.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 28.02.2019
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten