Det ultimate sommarkortet

Dato: Mandag 13 mai 2019 - torsdag 1 aug 2019

Her er det ultimate sommarkortet for alle som vil oppleva mangfaldet av aktivitetar på Voss. Sesesongkort i Klatreparken, sesongkort på sommarheisen i Myrkdalen, 5 klipp i Vossabadet / utebassenget og tre grunnpakker hjå Voss Vind. Spar 3650 kr per person!

SESONGKORT I VOSS KLATRE- OG ZIPLINEPARK
Klatre- og Ziplineparken er lokalisert i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjellet. Klatreparken inneheld to små og to mikro løyper, to store løyper og ein zipline park med totalt 60 element, der den høgste aktiviteten befinn seg meir enn 14 meter over bakkenivå! Høgdeløypene er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne.

Klatreparken er ope kvar helg frå 4. mai og kvar dag frå 24. juni - 1. september. Drop-in: det er mogleg å koma i klatreparken utan førehandsbestilling, men dei garanterer ikkje ledige plassar. For bestilling ring 56510525 eller send e-post [email protected]

5 KLIPP I VOSSABADET / UTEBASSENGET
Sommarkortet inneheld 5 klipp i Vossabadet / utebassenget. Steikar sola? Ta deg ein dukkert i utebassenget. Spelar ikkje vèret på lag med dykk i ferien? Ta turen til Vossabadet - her finn du tre basseng, stupetårn og sklie. Klippekortet i vossabadet/utebassenget må nyttast innan 20. august

SESONGKORT PÅ SOMMARHEIS I MYRKDALEN
Stolheisen i Myrkdalen går onsdag - sundag kl 10.00 - 15.00 frå 3. juli - 25. august. I Myrkdalen finn du vandrestiar for heile familien, natursti og miljøsti.

3 GRUNNPAKKER HJÅ VOSS VIND
Her kan ein oppfylla draumen om å fly som supermann og få eit minne for livet. Dette er absolutt det mest vèrsikre aktivitetstilbodet i bygda – og ikkje minst eit av dei aller mest unike og spanande! Denne aktiviteten er kjekk uavhengig av erfaring og nivå, og alle som er over 5 år kan fly.

Sommarkortet gjev deg 3 stk grunnpakker med flyging i vindtunnelen. Ei grunnpakke inneheld 3 minutt flytid fordelt på 1,5 minutt, instruksjon og utstyr. Grunnpakkene hjå Voss Vind kan nyttast i juni, juli og august og ein må bestilla tid i førekant til [email protected]

ALDERSGRENSE OG ANDRE KRAV
1. Voss Vind har 5 års aldersgrense og ei øvre vektgrense på 120 kg
2. Voss Klatre- og Ziplinepark har høgdekrav på 100 cm på lita og mikro løypene. For dei store løypene og ziplineparken er høgdekravet 140 cm og 10 år.
3.Vossabadet/Utebassenget har eit krav om at ein må vera minst 12 år og symjedyktig for å gå aleine, eller ein må ha eit "Våttkort" (som ein kan få det året ein fyller 10 år).

Me anbefalar "Det ultimate sommarkortet" for alle frå 5 år og oppover.

PRIS
1695 kr per person (ordinær pris for vaksen 5350 kr). Prisen er den same for vaksne og born og korta er personlege.

FÅ UTDELT SESONGKORT / KLIPPEKORT
Vis bestillingsbekreftelsen din hjå dei ulike aktivitetstilbydarane og få utdelt sesongkort/klippekort.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris