Breiskrednosi

Breiskrednosi – ei skjult perle midt i verdsarvriket

Planlegg eller vurderer du Norgesferie på Vestlandet, bør fjelltur til Breiskrednosi bli med på lista di! I løpet av ein dag får du oppleva fjordcruise på majestetiske Nærøyfjorden og vandring til Breiskrednosi, som byr på ei utsikt utan sidestykke.

Under er turen til Breiskrednosi med tilkomst via fjordcruise til Dyrdal skildra. Ein kan også køyra til Bakka og gå opp den bratte Rimstigen til Skarsvotni og vidare opp til toppen. Merk at turen frå både Dyrdal og Bakka er svært krevjande og går på umerka sti og dels utan sti. 

Breiskrednosi gjev deg vel så spektakulær utsikt som den velkjende Besseggen, men her får du naturen heilt for deg sjølv!

Frukost på Myrkdalen Hotel

Sommer i Myrkdalen
Myrkdalen Hotel har 112 rom og tre restaurantar

Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet på Myrkdalen Hotel. På frukosten får du alt du treng for å halda energinivået oppe for ein lang dag i fjellet. Her finn du blant anna heimelaga pølser, leverpostei, gravlaks og røykelaks, laga i vårt eige røykehus på utsida av hotellet.

Les også: Fem tips for å koma i gang med fjellspringing Fjellspringing

Stikk innom Flåm Bakeri

Flåm bakeri
Flåm Bakeri ligg rett ved turistinformasjonen i Flåm 

Snaue 45 minutt køyring frå Myrkdalen finn du den vesle fjordbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden, som er velkjend for det majestetiske fjordlandskapet. Ved stasjonsbygninga ligg Flåm Bakeri – eit lite handverksbakeri med bakarar som elskar faget sitt. Her kan du kjøpa med deg heimelaga sandwichar og andre bakevarer bakt på surdeig.

Fjordcruise i verdsarven

Fjordcruise
Ta inn den mektige naturen på et fjordcruise

Det er ikkje utan grunn at Nærøyfjorden og området rundt står på UNESCO si verdsarvliste. Urørt, rå og vakker med stupbratte fjellsider, mektige fossefall og små bygdesamfunn og gardstun. Og det er ikkje ein meir avslappande måte å oppleva dette på enn på eit fjordcruise om bord på eit av dei prisvinnande fartøyane Future og Vision of The Fjords som seglar stille gjennom fjorden på elektrisk kraft. 400 meter rekkverk ute og eit delikat skandinavisk interiør og vindauge frå golv til tak inne, sikrar utsikta uansett kvar du er på båten. Her er det berre å slappa av, nyta utsikta og lada opp til fjellturen!

Les også: Årets beste beste havkajakktur Nærøyfjorden

Dyrdal

Dyrdal

Turen startar ved den veglause bygda Dyrdal, som i gamle dagar hadde over 100 fastbuande, postkontor, gjestgiveri og hospital. Fyrst går ein gjennom det særeigne klyngetunet på terrassen ovanfor sjøen. Øvst i klyngetunet passerer ein hospitalet, som var i drift på 1800-talet. Etter å ha lese om tradisjonell plantemedisin starta Jens Larsen Drægelid hospitalet, som på det meste hadde 8 sengjeliggjande pasientar. 

 

Vandring til spektakulære Breiskrednosi

Dei fyrste 6 km går på grusveg opp langs Dyrdalselvi og garden Drægo, som har drift om sommaren med kulturhistorisk vandring, overnatting og matservering. På toppen av grusvegen, ved stølane Hjølmo fylgjer ein stien inn til Vassete og vidare opp den bratte lia mot toppen.  Vel oppe på platået der Breiskrednosi ligg, ser fjellet ut som ein liten knaus, men på toppen får ein verkeleg lønn for strevet.

Les også: 10 gode grunnar til å besøka Myrkdalen i Sommar Sommertips 2020

Breiskrednosi

Breiskrednosi
Foto: Svein Ulvund

Ei knivskarp stupkant går langs heile fjellet med ei imponerande loddrett avgrunn ned mot fjorden langt under.

Utsikta mot Nærøyfjorden og landskapet rundt, er noko av det råaste du kan oppleva på Vestlandsferien din.

Nye persektiv på returen
Returen går enten same veg nedatt til Dyrdal, eller du kan fylgja ryggen over Rimstigsfjellet og gå ned den bratte og velkjende Rimstigen. 

Les også: Joar sin sykkelskule Lær deg terrengsykkel

Avslutt dagen med god middag på Myrkdalen Hotel

Restaurant nuten
Foto: Jon Hunnålvatn 

Avslutt ein lang og innhaldsrik dag med god mat og drikke på Restaurant Tunet. Her finn du både a là carte og steinovnsbakt pizza basert på rein mat av lokale og økologiske råvarer.

Sov godt med overnatting på Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel

Bu godt på Myrkdalen Hotel eller i hytter og leilegheiter med høg standard.