Sykling i Myrkdalen

Coronavettreglar for terrengsykling

1. Ikkje besøk Myrkdalen dersom du er pålagt karantene eller isolasjon
2. Følg generelle råd frå helsemyndigheitene, og me oppfordrar alle til benytte FHI sin smittevernapp.
3. Me oppmodar fyrst og fremst å sykla saman med personar du kjenner.
4. Syklar bør ikkje bytast/lånast vekk utan grundig rengjering mellom brukarar, spesielt av håndtak. Unntaket er byte mellom nære familiemedlemmar eller personar i same husstand.
5. Hald avstand til kvarandre. Gjerne 2 meter ved stilleståande og 10 meter ved sykling.
6. Ingen ansamlingar av menneske. Hald avstand til andre grupper på rasteplassar og ved stopp.
7. Følg med bakover og slepp fram raskare syklistar. Dei som kjem bakfrå skal og visa hensyn og halda god avstand ved passering.
8. Ingen «high fives» eller berøringar, men rop gjerne «Yeehaa» og oppmuntrende ord til kvarandre:)
9. Unngå å ta unødvendige sjansar. Sykl innanfor ditt ferdigheitsnivå for å unngå å belasta beredskapsfunksjonar og helsevesen. Treng du hjelp frå legevakt skal dei varslast før ankomst på tlf. 116 117.
10. Hanskar og knebeskyttelse blir anbefalt, hjelm er framleis obligatorisk!