Leve hytter - Designa for å vare

Designa for å vare

Det sørvendte området der dei nye hyttene skal byggast i Myrkdalen, er reine skjære kinderegget. Her er solrike forhold, god utsikt og eit briljant turterreng.

Kontakt oss gjerne: Meld di interesse for hytter og tomter i dag! Mørkveslia

Og nettopp i dette området skal i første omgang 16 av i alt 44 Leve Hytter, av typen Vy Nest, reisast. Dei arkitektteikna hyttene er inspirert av gamle, norske byggetradisjonar og er skapt for tomter i skråande terreng.
– Me har tenkt smarte, tidlause løysingar når hyttene vart laga, fortel arkitekt Einar Jarmund. Han er den som òg har teikna Myrkdalen Hotel med 112 rom og Helgatunteigen med 51 leilegheiter, og kjenner med andre ord godt til bygda der dei nye hyttene skal byggast.
 

Tek vare på naturen

Leve hytter, natur, ski inn - ski ut, Mørkveslia, No er det din tur
Foto: Inger Marie Grini

Vy-hyttene blir liggande i eit fantastisk landskap med flott vegetasjon, der så mykje som mogleg av naturen vert bevart i byggeprosessen. Her vil mykje av bjørkeskogen bli ståande og du vil finna flyttstein som isbreane tok med seg då landskapet vart forma for fleire tusen år sidan. I tillegg til dei nøkkelferdige hyttene, vert det òg lagt ut hyttetomter for sal i same område.

Det nye hyttefeltet i Myrkdalen ligg sørvendt til og er dermed eit solrikt område med flott utsikt over Myrkdalsvatnet.

– Området me no utviklar har eit spennande terreng, og Vy-hyttene som skal setjast opp i første byggetrinn kjem til å verta eit flott skue når ein kjem køyrande opp mot dalen, seier eigedomsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby, Nils Akselberg.
Han er glad for at det er nettopp desse hyttene som skal få setje preg på det nye hytteområdet.
– Dette er solide hytter som bygger på norsk tradisjonshandverk, som vert produsert i Noreg og ikkje minst gjev deg opplevinga av å nær sagt få naturen inn i stova, seier Akselberg.

Les meir: Nytt hytteområde i Myrkdalen Fjellandsby Nytt hytteområde i Myrkdalen Fjellandsby

Fleksible hytter

Hytter og leiligheter til salgs i Myrkdalen
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

 

Dette er solide hytter som bygger på norsk tradisjonshandverk, som vert produsert i Noreg og ikkje minst gjev deg opplevinga av å nær sagt få naturen inn i stova.

Hytta – ein stad der ein kan gjere meir som ein vil, leve, bruke tid og berre vera.
Slik er det mange av oss som opplev hyttelivet, og arkitekt Einar Jarmund er einig i at hytta skal vera noko heilt anna enn ein bustad.
– Me lever annleis på hytta både inne og ute, og dette har me tatt omsyn til når Vy vart teikna, fortel han.
Hyttene held ein høg teknisk standard og har eit moderne preg, med karakteristiske store vindaugsflater og takutstikk. Kjøkkenet har fått ein svært sentral plass i desse to etasjes-hyttene og det er mogleg å opne opp mellom rom for fleksibilitet. At hyttene vert bygd i skråna terreng gjev moglegheit for både utsikt og god utnytting av tomta sitt areal, og kvar modell kjem i mange storleikar og med fleire planløysingar. Detaljane på hytta sitt interiør og eksteriør vel du sjølv.
– Vy er rett og slett arkitektteikna hytter, bygd i kvalitetsmateriale, til ein god pris, seier Jarmund.

Les meir: Sjå prospekt her Prospekt - Mørkveslia