Dutchweek

Frå onsdag 3. - sundag 7. april inntek ski- og festglade hollendere Myrkdalen og det blir herleg vårstemning i bakken og på afterski. Nederland er kjend for ein unik klubbkultur - denne helga har du sjansen til å oppleva dette i Myrkdalen.

Bli med på ei langhelg med mykje moro frå morgon til kveld! 

1. Overnatting på Myrkdalen Hotel frå onsdag 3. april - sundag 7. april:
- Frukost
- 4 dagar heiskort
- 4 einingar øl/vin
- Velkomstmiddag (tapas) i Myrkdalsstovo 
- Grillbuffèt laurdag ettermiddag
- Aketur frå toppen av Myrkdalsekspressen til Myrkdalen Hotel
- Parallell slalåm konkurranse
- Transport Myrkdalen - Flåm tur/retur fredag 5. april
- Transport Bergen - Myrkdalen tur/retur

BESTILL: Pris frå: Kr 7300 per person i dobbeltrom / Kr 8800 per person i enkeltrom

2. Overnatting på Myrkdalen Hotel frå torsdag 4. april - sundag 7. april:
- Frukost
- 3 dagar heiskort
- 3 einingar øl/vin
- Grillbuffèt laurdag ettermiddag
- Parallell slalåm konkurranse
- Transport Myrkdalen - Flåm tur/retur fredag 5. april
- Transport Bergen - Myrkdalen tur/retur

BESTILL: Pris frå: Kr 5380 per person i dobbeltrom / Kr 6505 per person i enkeltrom

VINDTUNNEL TORSDAG 4. APRIL - spesialpris 400 kr per person
Torsdag 4. april kan du oppfylla draumen om å fly i vindtunnelen på Voss. Merk deg - denne aktiviteten er ikkje inkludert i prisen, men du kan velgja det som tilleggsprodukt når du bestiller pakka. 

MORO I FLÅM FREDAG 5. APRIL
Inkludert i denne pakka er transport Myrkdalen - Flåm tur/retur på fredag 5. april. Her kan du nyta fjordlandskapet med gode vener, eller velgja mellom mange ulike aktivitetar og turar. Merk deg - desse aktivitetane er ikkje inkludert i prisen, men du kan velgja dei som tilleggsprodukt når du bestiller pakka. Dersom du ynskjer å velgja meir enn ein aktivitet - må du velgja mellom ein av dei fire kombinasjonspakkene som er skildra under. 

Ølsmaking og smårettar
Nyt ølsmaking og smårettar med gode vener på Ægir BryggeriPub. Du får smaka fem ulike ølsortar med vikinginspirert smårettar inntil. Smårettane består blant av vikinglefse med spekeskinke eller varmrøykt laks, heimelaga urtebrød med tomat og raudlauksalat, mandelpotet med rømme og morrpølse, pepperoni twist og fleire gode smakar. Bygget Ægir BryggeriPub på Flåmsbrygga er i dag ein av dei største attraksjonane i Flåm. Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvendig minner bygget om ei stavkyrkje. Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved.

Fjordsafari
Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden. Guiden vil dele lokale historiar og segner frå området, medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

Stegastein utsiktspunkt
Bygget som heng 30 meter ut frå fjellsida, 650 meter over fjorden, tilbyr ei panoramautsikt utan sidestykke. Eit meir fantastisk utsyn over fjorden, fjella og det flotte fjordlandskapet skal du leite lenge etter. Du blir frakta med buss frå Flåm til utsiktspunktet. Ein treng med andre ord ikkje vera i fysisk god form for å oppleva utsiktspunktet.

Flåmsbana
Bli med på verdas vakraste togreise frå Flåm til Myrdal tur/retur. Flåmsbana byr på det meste: Frå vakkert fjordlandskap nede ved havet til vilt fjellandskap med snødekte toppar. Gjennom frodig kulturmark og historiske tradisjonar heilt tilbake til heidensk tid. Turen tek ca 2 timar tur/retur Flåm.

Pakke #1: Fjordsafari + ølsmaking med smårettar
Denne pakka inkluderer fjordsafari på RIB-båt og ølsmaking med smårettar på Ægir Bryggeri Pub. 

Pakke #2: Stegastein + fjordsafari + ølsmaking med smårettar
Denne pakka inkluderer tur til Stegastein utsiktspunkt, fjordsafari på RIB-båt og ølsmaking med smårettar på Ægir Bryggeri Pub. 

Pakke #3: Flåmsbana + ølsmaking med smårettar
Denne pakka inkluderer tur med Flåmsbana frå Flåm - Myrdal tur/retur og ølsmaking med smårettar på Ægir Bryggeri Pub. 

Pakke #4: Stegastein + Flåmsbana + ølsmaking med smårettar
Denne pakka inkluderer tur til Stegastein utsiktspunkt, tur med Flåmsbana frå Flåm - Myrdal tur/retur og ølsmaking med smårettar på Ægir Bryggeri Pub.