Attraktive leilegheiter i øverste del av Klypeteigen

20 attraktive leilegheiter fordelt på to bygg som er ferdigstilt. Desse ski inn - ski ut leilegheitene har to til fire soverom, parkeringsplass i underetasjen og er svært sentralt plassert. 

Her må du vera kjapp! Kun to ledige leilegheiter igjen som er innflyttingsklare!

Her får de ski inn - ski ut i eit solrikt område like ved barneskitrekka og Helgatuntrekket, med gangavstand til alt fjellandsbyen har å by på. Langrennsløypa gjennom fjellandsbyen går like utanfor døra. Spenn på deg skia, ta frukosten på balkongen, eller slapp av i den flotte leilegheita - uansett tidspunkt og årstid.

Leilegheitene har 2-4 soverom, og dermed rom til både vaksne, born og vener på besøk. Parker bilen tørt på parkeringsplassen i underetasjen, set frå deg utstyret i den store sportsbua og gå tørrskodd inn i ei moderne og romsleg leilegheit. I parkeringskjellaren er det lagt opp til store gode fellesrom for sameiget.

Desse bygga ligg på toppen i Klypeteigen med flott utsikt mot Årmotslia og sentrumsområdet av fjellandsbyen. 

2 soverom
Dei minste leilegheitene på 60 kvm har to soverom, og ei bu / disponibelt rom som mange vel å nytta som eit ekstra soverom med køyesenger. Det er kun to stk av desse leilegheitene, og dei ligg i hus 4.

3 soverom
Leilegheitene midt på bygget er på 72 kvm, har tre soverom, ei romsleg stove med open kjøkkenløysing, bod / teknisk rom og altan. 

4 soverom
Hjørneleilegheitene er 83 kvm og blir levert med altan og ekstra stort spiseplass, 4 soverom og eit ekstra wc. 

Alle leilegheitene har flott utsikt over dalen, skianlegget og Årmotslia langrennsarena. Bygget er teikna av lokal sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad, som også har teikna ei rekkje andre prosjekt i fjellandsbyen.

Prisliste og planteikningar
Sjå prisliste og planteikningar her 

Dette siste byggjetrinnet består av 20 leilegheiter, og no er det kun to 3-roms leilegheiter ledig. I dag kan du altså sikra deg hyttedraumen øvst i bakken.

Er du interessert i å sjå fleire bustadprosjekt i Myrkdalen, finn du meir informasjon om utbyggjingsplanane her. 

Meld di interesse

Kontakt oss gjerne

Ynskjer du meir informasjon? Ta gjerne kontakt med oss!

Tina Elise Beisland

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 994 40 588
E-post: [email protected]

 

Joachim Staal

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 954 46 500
E-post: [email protected]
 

Jan Kristoffer Sletteland

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 486 02 322
E-post: [email protected]