Nyheit: Svoletunet med balkong og 3 soverom

Etter tilbakemeldingar frå marknaden har me no oppgradert leilegheitene i Svoletunet med sør- aust vendte balkongar som har flott utsikt mot Svolefjellet. 

Omlag 500 meter frå Myrkdalen Hotel kjem Svoletunet med 15 prisvenelge leilegheiter. Leilegheitene har direkte tilkomst til langrennsløyper og utandørs leikeområde. 

Svoletunet vil gje nye målgrupper moglegheita til å eiga fritidsbustad i Myrkdalen!

Leilegheiter frå 2.450.000 - 3.150.000

Leilighetene vil vera 42 - 48 kvadratmeter med to-tre soverom, bad, stove med kjøkken, samt ein bod på svalegangen. Mesteparten av oppvarminga er vannboren golvvarme som har luft til vatn varmepumpe som energikjelde.

Ord frå arkitekt Svein Øvsthus, HLM Arkitektur

Svoletunet er planlagd med tre nye bygg. Saman skapar dei eit rekketun der landskapet og dei grøne draga i området får flyta fritt gjennom rekketunet, og skapa gode uterom og luft rundt husa. Med ulike høgder og storleik på bygningane, blir det skapt ein dynamikk og variasjon i området – ein eigen identitet. Parkering tett på og trinnfri tilkomst skapar gode og inkluderande bygg.

Alle leilegheitene er gjennomgåande med store vindauge som omfamnar dagslyset, og rammar inn den fine utsikta i dalen.

Utstrakt bruk av trevikre og gode material skapar ein moderne og lun leilegheit i fjellet. Leilegheitene er planlagde for komplett kjøkken og skal vera ein god stad for deg og familien. Store skyvedører skapar romslege løysingar og eit tilbaketrekt soverom lagar ein fleksibel leilegheit frå morgon til kveld.

Svalgangane er planlagde med boder til kvar enkelt leilegheit rett utanfor inngangsdøra. Dette lagar eit spanande uterom på svalegangen for opphald, og skapar eit eige særpreg for bygga. Svalegangen blir ei utviding av leilegheitene. Svoletunet er utvikla for å ha ein eigen identiet og særpreg, tilpassa situasjonen og utsikta i dalen, tett på det fantastiske alpin – og turanlegget i Myrkdalen. 

Sjå oversiktskart 


 

Meld di interesse

Kontakt oss gjerne

Ynskjer du meir informasjon? Ta gjerne kontakt med oss!

Tina Elise Beisland

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 994 40 588
E-post: [email protected]

 

Tone Ravnanger

Tone Ravnanger
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 952 65 824
E-post: [email protected]

Joachim Staal

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 954 46 500
E-post: [email protected]