Kurs og konferanse på Myrkdalen Hotel

Ein trygg konferanse

Tryggleiken til gjestene våre og dei tilsette på Myrkdalen Hotel står høgt hjå oss. Hotellet har møterom i ulike storleikar og me fyl alle rettleiingar for handtering av smittevern frå FHI. For å ivareta gjestene våre på ein best mogleg måte, har me innført nye rutiner for kurs og konferanse. 

Smitteverntiltak ved konferansar
- Møteromma blir vaska godt – stolar, bord og konferanseutstyr blir desinfisert
- Me nyttar møtelokale tilpassa kvar gruppe, slik at minimum 1 meter avstand mellom møtedeltakarane blir ivaretatt.
- Ved inngangen til alle møtelokale finn ein stasjonar for handdesinfeksjon
- Kontaktpunkt som til dømes dørhandtak blir vaska og desinfisert 
- Frukost, lunsj og middag blir servert ved borda
- Kursvert er tilgjengeleg under heile opphaldet 

Kapasitet
Me tek imot bestillingar for inntil 60 møtedeltakarar med klasseroms-oppsett og inntil 80 i kino-oppsett.

Kontakt oss
Kontakt oss gjerne på e-post kundeservice@myrkdalehotel.no for eit uforpliktande tilbod