El-sykling gjer turen leikande lett

I Europa kom inntoget av el-syklar for nokre år sidan og no har nordmenn også fått auga opp for gleda el-sykkelen gjev – særleg i motbakkar!  Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett. 

El-sykling er leikande lett

El-sykkelen gjev deg rett og slett kjensla av superkrefter og du kan sykla både lenger og fortare enn på ein vanleg sykkel. 

Hjelpemotoren dyttar deg oppover
Den vesle elektriske motoren som er kopla på sykkelen gjev det lett å koma seg både bortover og oppover.

El-sykling er på ingen måtar ein latmannsport, men med hjelp av motoren vil rekkevidda på turane dine bli utvida. Hjelpemotoren gjev deg eit slags dytt når du syklar, men den tek ikkje over jobben for deg. Du må framleis tråkka for at motoren skal virka og du kan justera motoren opp og ned etter terrenget. Dess lågare motoreffekt du nyttar – dess lenger varar batteriet.

Det som før var uoppnåeleg er no blitt mogleg. 

Nyt naturen på el-sykkelen
Om du vil oppleva Vikafjellet kan du starta turen frå Myrkdalen Hotel og sykla på RV 13 opp hårnålsvingane i Holo. Om du vel denne varianten anbefalar me at du ikkje brukar maks motoreffekt heile vegen og sparar på batteri der du kan, slik at du ikkje går tom for batteri før du er tilbake ved hotellet.

Myrkdalen byr også på flotte turar på el-terrengsyklar - her finn du mange utraffikerte grusvegar som slynger seg gjennom terrenget.

LES OGSÅ: Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen 

Guida tur 
I sommar tilbyr me guida el-terrengsykkelturar i Myrkdalen.

Utleige av el-terrengsyklar
Myrkdalen Sport & Utleige har eit utval av el-terrengsyklar av typen GT ePantera Dash og GT ePantera Bolt for utleige. Desse syklane fungerer fint på landeveg, grusvegar og på enkle stiar.