Familiejulebord på Myrkdalen Hotel

Sundag 10. desember vert det familiejulebord på Myrkdalen Hotel med stor buffet. Mikkel og Mikkeline kjem og lagar til juleshow og juleverkstad for oss!

Program 10. desember
Kl 13.00 - 16.00: Familiejulebord på Myrkdalen Hotel med stor buffet. Nissen kjem sjølvsagt på besøk.
Kl 13.00 -15.00: Juleverkstad i Storebotn
Kl 15.00: Juleshow med Mikkel og Mikkeline. DJ Papegøy har minidisco med borna.

Programmet med Mikkel og Mikkeline er gratis og alle er velkomne!

Prisar familiejulebord
Vaksne: Kr 425,-
Born 4 - 12 år: Halv pris
Born 0-3 år: Gratis

Bestilling
E-post: [email protected]
Telefon: 0047 47 47 16 00

JULEMARKNAD 10. DESEMBER
Sundag 10. desember frå kl 13.00 - 15.00 arrangerer me utandørs julemarknad på oppsida av Myrkdalen Hotel. Her kjem ei rekkje utstillarar frå Vossaregionen med ulike kvalitetsvarer. Kombinèr ski, familiejulebord og julemarknad på same dag. 

Utstillarar
Smalahovetunet - Eigenproduserte varer
Mariann Hansen - Ekte Myrkdalen Kransekaker 
Doms Biltong – Heimelaga Biltong frå Voss (Sør-Afrika sitt svar på Beef Jerky)
Per Finne Design – Kjem med The Umami Santoku-kolleksjonen av knivar
Illu Lilly – Illustratør som sel kort og bilete
Bente Sandtorv - Illustratør som sel kort og krus
Voss gardslakteri – Langtidsmodna spekeskinke, spekepølser av gris/salchichôn, Selheimskorv, utegrispakker, lammesteik og ulike biffar av storfe/kalv. Voss Gardslakteri tek i mot førehandsbestillingar: Tlf 976 09 386