fjellspringing fjelløp

Fjellspringing i Myrkdalen - 5 tips for å koma i gong med fjellspringing

Ynskjer du å få den herlege kjensla av flyt i småkupert terreng og vakker natur? Å få kjensla av at du har uendeleg med energi og at hovudet blir tømt for kvardagsbekymringar? Å springa i fjellet er ei trend som veks for kvart år - med god grunn. 

Lars Erik Skjervheim

Dette er ei fin treningsform, samstundes som det gjev fantastiske naturopplevingar. Uansett kva form ein er i. Det er altså ikkje berre dei største treningsfantoma som har glede og utbyte av dette, og er du usikker på korleis du skal koma over den berømte dørstokkmila, kan det vera lurt å få nokre tips av dei aller beste.

Me har teke ein prat med noregsmeisteren i randonee, Lars Erik Skjervheim, som brukar mesteparten av barmarksesongen på å springa i Vossafjella. Her er Lars Erik sine beste tips til korleis du kan få fantastiske naturopplevingar med joggesko på beina.

 

Fjellet er den beste treningsarenaen

Fjellet har alltid hatt ei tiltrekkingskraft på Lars Erik. Å susa gjennom fjellet med joggesko og shorts, med ein sjokolade i sekken og vatn sildrande i bekken er magisk og frigjerande, i fylgje noregsmeisteren. 

 – Eg likar svært godt å søka utfordringar og opplevingar i naturen, både åleine og med vener. For meg har treninga i fjellet alltid vore eit slags frigjeringsprosjekt - Naturen forventar ikkje noko av meg. Her er eg fri, seier Lars Erik entusiastisk.     

 

Gå i dei brattaste motbakkane 

Det er lett å tenkja at fjellspringing er noko ein må byrja med etter at ein har fått grunnformen gjennom springing på asfalt eller grusvegar. Lars Erik sine tips er det stikk motsette. 

 – Å springa på mjukt underlag i terrenget gjer det enklare for kroppen å tilvenna seg ein ny eller større belastning.

 

Om du vil byrja med jogging, er det beste tipset å starta i lette og småkuperte stiar med mjukt underlag.

 

 –  Elles er det verdt å nemna at eg går mykje i motbakkar når eg er i fjellet. Det er ei myte at dei beste spring uansett kor bratt det er. Ofte er det meir effektivt, like raskt og meir behageleg å gå. Det gjer også at ein får naturleg variasjon i treninga slik at musklar og ledd får kvilt litt, og såleis reduserer ein skaderisikoen.

 

Les også Tre fjellturar med fjordutsikt
Fjellturar med fjordutsikt

 

Ha tolmod og ikkje start for hardt

Jogging i fjellet

Dei fleste av oss har kjent på eit ynskje om å vera i betre form enn det som er realiteten - at ein set i gong joggeturen, full av energi den fyrste kilometeren, for så å gå rett i kjellaren med puls i 190 og dalande motivasjon. 

 –  Å starta turen altfor hardt er kanskje den mest klassiske fella folk går i. Start joggeturen roleg i minst 10 - 20 minutt og få kroppen skikkeleg i gong før du set opp farten. Ein annan typisk nybyrjarfeil er å trena for mykje, samt ha maksimal intensitet på kvar treningsøkt.

 

La kroppen venna seg til ny belastningsform, varier intensiteten på treningsøktene og ha litt tolmod er Lars Erik sine beste tips.

 

Ha ein lett sekk med nødvendig utstyr

På løpeturen i fjellet bør ein ha med ein lett sekk med vindtette klede, tørt byte, mat, drikke, sportstape og førstehjelpsutstyr. Navigeringsutstyr er essensielt i fylgje Lars Erik.  

 –  Mange bra karttenester er tilgjengelege på telefonen, men då må du vera sikker på at du har batteri, og ein powerbank kan gje litt ekstra margin. Eg ladar alltid telefonen min før eg reiser på tur, det er ein del av førebuinga mi, seier noregsmeisteren.

 

Les også 5 flotte stølsturar i Myrkdalen
5 flotte stølsturar i Myrkdalen
 

 

Kombiner løpetrening og ferie

Ynskjer du å halda deg aktiv i ferien er det ingenting i vegen for å kombinera ferien med nokre løpeturar på fjellet. Planlegg ferien godt slik at du vert kjent med området du skal til, så kan du i tillegg nyta flotte naturopplevingar.

 

Fjellbygda Voss

Med base i Myrkdalen er du i nærleiken av flotte turmoglegheiter. Her vaknar du utkvilt til utsikten av fantastisk fjellandskap, og med naturen så tett på, er det berre å starta turen rett utanfor døra etter ein god frukost.

Bestill overnatting på Myrkdalen Hotel

Flotte turar i lett terreng

 

Over 90 % av Voss herad er fjellområde. Moglegheitene for fine joggeturar i høgfjellet er difor nærast uendelege i denne regionen. 

 – Det er masse flotte turar i lett terreng på Vikafjellet og i Oppheimsdalen. Ynskjer du fleire høgdemeter og fantastisk utsikt er området i Brekkedalen og ved Nærøyfjorden verdt å utforska. Utforskinga er halve gleda, spring gjerne utanom oppmerka stiar, men vèr alltid audmjuk - me er små og ubetydlege i fjellet, avsluttar Lars Erik.

Bestill overnatting på Myrkdalen Hotel