Born på sykkel

5 tips til deg som vil prøva terrengsykling

Terrengsykling er i vinden som aldri før. Betre utstyr og tilrettelagte stiar er to av grunnane til at nordmenn i større grad søkjer etter ein aktiv ferie på sykkelsetet. Men kva er eigentleg terrengsykling og er det noko som alle kan driva med?

Leig terrengsyklar her

Me har tatt ein prat med prosjektleiaren for sykkelutviklinga i Myrkdalen, Joar Wæhle, for å få svar på dette.

Pumptrack i Myrkdalen
Rett utanfor Myrkdalen Hotel ligg ein pumptrack i asfalt som ein kan bruka fritt gjennom heile sommaren. 

1. Ved Myrkdalen Hotel står ein 850 kvm pumptrack. Kan du forklara kva ein pumptrack er og kva sykkel ein kan bruka for å ha det moro her?

Pumptrack er ein kompakt bane som består av ulike formasjonar, kular og svingar. Ein kan byggja ein slik bane i ulike typer materiale, men me har planlagt asfalt som er særs venleg mot alle typar hjul. 

Det betyr at ein kan bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel på denne banen.

Med tanke på sykkel er det særs god øving å sykla pumptrack. Her får ein læra korleis ein posisjonerer seg på sykkelen, og korleis ein timer det å skape trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette er kjekk kunnskap og erfaring å ta med seg ut på naturlege stiar. Alle typar syklar fungerer godt i ein pumptrack, men mange kjenner at dei får større fart og betre respons frå underlaget på ein sykkel utan demping. Døme på dette er BMX, hardtail eller ein form for dirt sykkel. 

2. Er terrengsykling berre for våghalsar eller kan ein ta med familen på sykkelferie til Myrkdalen?

Sykkesti for alle nivå

Med tilrettelagte stiar for ulike nivå passar sykling for heile familien. På ski er det gjerne slik at nivået strekk seg frå barnebakken til dei som køyrer ned bratte fjellsider. Sykkelsporten er heilt lik. Det viktigaste er å finne sin komfortsone, og sykla stiar etter evne.

Per i dag er sykkeltilbodet i Myrkdalen retta mest mot familiar som ynskjer ein aktiv ferie på to hjul.

I tillegg til pumptracken, finn du ei tilrettelagd sykkelløype med ulike element og vanskegradar for born og nybyrjarar på oppsida av Myrkdalen Hotel. Like ved skibrua over RV13 mot Årmotslia, har me ei ny hopplinje i ulike vanskegrader.

I same område som hopplinjene, opnar me ei ny blå flytsti i løpet av hausten 2022.  Denne stien vil treffe ei brei målgruppe og innhalde doserte svingar og mindre hopp av typen "tabletop". Fart og flyt er stikkord for denne stien. Vidare er målet på sikt å utvikle ein "raud" variant som vil vere meir teknisk utfordrande. På sikt vil Årmotslia bli eit stisenter som har noko å tilby for alle målgrupper.

Les også: Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen

3. Kva bekledning treng ein for terrengsykling?

Terrengsykling i Myrkdalen

Når det kjem til bekledning er det stor forskjell på å vera i høgfjellet og i låglandet. I låglandet er det gjerne nok med shorts og ei t-skjorte som transporterer ut sveitte på varme dagar. På kalde og våte dagar er ei ulltrøye og ei tynn vind- og vasstett jakke å anbefale.

I høgfjellet bør ein vurdere langbukse, type turbukse med stretch fungerer utmerka og ha med ekstra skift - ulltrøye, hals og hanskar. Me anbefalar å bruka beskyttelseutstyr som hjelm, kne- og albogebeskyttarar til all sykling i terrenget.

4. El-sykling er i stadig vekst – korleis er forholda for dette i Myrkdalen?

El-sykling i Myrkdalen
På Vikafjellet og på grusvegane rundt Myrkdalen får du flotte naturopplevingar på sykkelsetet. 

Forholda for el-sykling er veldig bra. El-sykkel gjev ein artig og lett tilkomst til Vikafjellet. Her er det variert terreng og mange fine turar på grusvegar i flott natur. Om ein vil testa ut ein el-sykkel er det mogleg å leiga dette hjå Myrkdalen Sport

Leig el-syklar her

Grusvegane i Myrkdalen og på Vikafjellet kan anbefalast og det er rett og slett heilt rått å kjenna på krafta frå sykkelen opp bakkane.

Les også: El-sykkelen gjer turen leikande lettEl-sykkel gjer turen leikande lett

5. Heilt til slutt – kvifor bør folk prøva terrengsykling?

På terrengsykkel får ein stimuli i form av ulike typar utfordringar. Dette i god kombinasjon med mosjon og naturopplevingar, gjev ei veldig god kjensle av meistring - uansett kva nivå du befinn deg på! 

Dersom ein vil bli tryggare på sykkelsetet, vil eg anbafala å ta eit kurs for å læra seg grunnleggjande teknikkar. I sommarhalvåret vil sertifiserte instruktørar tilby ulike typar kurs som passar både for nybyrjarar og vidarekomne. 

 

<% totalFilter %> filter applicerade