Finn roen i Myrkdalen
Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. Kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Magisk vinterlys over fjorden, kvilepuls og store naturopplevingar.
Legg du turen til Myrkdalen midt i veka får du oppleva det fantastiske fjord- og fjellandskapet i fred og ro. Plassert kun 45 minutt frå Flåm og Nærøyfjorden, kan du kombinera herlege ski, fjell- og fjordopplevingar under opphaldet.
Bestill Knalltilbod midtveke-pakke
Ski inn - ski ut frå Myrkdalen Hotel

Frå moderne Myrkdalen Hotel kan du spenna på deg skia og skli ut i breie og oversiktlege løyper i alle vanskegradar. Skisenteret har ni heisar fordelt på to stolheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband.
Dei 22 skiløypene blir preparert kvar einaste dag i vintersesongen, og like bra ein heilt vanleg tysdag som i helgene.
Ein samlingsstad med tradisjonsmat midt i bakken

Plassert midt i skisenteret er Fjellstova Vetlebotn perfekt for ein pause frå skikøyringa. Her kan beina få ein kvil medan du får påfyll av energi frå den velfylte menyen.
Her er det tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer som er i fokus. Rettane er laga av reine ingrediensar frå regionen, og du får både enklare rettar som pølse frå Vossakjøt i brød og lapskaus frå Haugen Gardsmat til middagsrettar som kjøtkaker med tilbehøyr.
Langrenn
I Myrkdalen finn du også eit samanhengande løypenettverk for langrenn og turski, som ligg rett over vegen frå skisenteret. Her kan du skli gjennom skisporet også etter at sola har gått ned - lysløypa er på fram til kl. 22.00. Ynskjer du å bestiga ein fjelltopp er både Bjørndalskamben og Finnbunuten flotte dagsturar med utgangspunkt frå hotellet.
Myrkdalen ligg midt i eit mektig landskap av fjell og fjord – meir enn stort nok til at du kan kjenna deg liten – på den gode måten. Myrkdalen gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.
Fjellski på Vikafjellet
Femten minutt køyring frå Myrkdalen Hotel ligg Vikafjellet, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella. I dette området er moglegheitene for fjellskiturar uendelege - enten du vil gå på langtur eller berre nyta ettermiddagssola i høgda. La praten gå i lettgått og småkupert terreng innover Sendedalen, nyt utsikta frå toppen av Fossfjellet mot Sognefjorden eller legg ut på fleirdagarstur i Stølsheimen.
Sov godt på Myrkdalen Hotel
Moderne Myrkdalen Hotel ligg i hjarta av destinasjonen. Hotellet har 112 rom i ulike storleikar - frå standard rom til suiter med fleire soverom. Ynskjer du overnatting med sjølvhushald, kan du også bu godt i hytter og moderne leilegheiter med høg standard.
Matopplevingar på tre restaurantar
Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet på Myrkdalen Hotel. På frukosten i Restaurant Nuten får du alt du treng for å halda energinivået oppe for ein ny dag, enten du skal på ski, ta turen til fjorden eller berre slappa av på hotellet. Her finn du blant anna heimelaga pølser, leverpostei, gravlaks og røykelaks, laga i vårt eige røykehus på utsida av hotellet.
Etter ein lang og innhaldsrik dag smakar det ekstra godt med middag. På hotellet kan du velgja mellom varierte à la carte rettar, ost- eller kjøttfondue og heimelaga pizza som er viden kjend langt utanfor landegrensa.
Ta verdas vakraste togreise

Lonely Planet har kåra Flåmsbana til ei av verdas vakraste togreiser - med god grunn! Ein tur med dette bratte toget, er noko alle bør oppleva minst ein gong i livet og turen er minst like vakker vinterstid.
Stegastein utsiktspunkt

Er du i Flåm, må du leggja turen innom Stegastein utsiktspunkt, som byr på panoramautsikt over fjorden og fjella rundt. Plattforma stikk 30 meter ut i lufta og gjev deg kjensla av å stå i lause lufta.