Finns BaseCamp i Myrkdalen
Haren Finn elskar leik og moro!
I feriar og kvar helg frå januar - april arrangerer me Finns BaseCamp på Torget med kjekke aktivitetar utan ski på beina for familiar.
- Vinter
- Familie
- 1-2 timer
Torget ligg midt i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby - mellom Myrkdalsstovo, Sport1 Myrkdalen, Kamben Kafé & Bar og Myrkdalen BrandStore.
Under BaseCamp vert det tilrettelagde aktivitetar utan ski på beina for heile familien.
Våre vertar er tilstades frå kl. 11.00 - 13.00 og hjelper dykk gjerne med dei ulike aktivitetane.
BaseCamp vert arrangert kvar laurdag og sundag frå 17. desember 2022 til 23. april 2023.
I tillegg blir BaseCamp arrangert kvar dag i juleferien frå 26. - 31. desember 2022.