Fiskeopplevingar i Myrkdalen
Er du glad i jakt og fiske? Denne sommaren kan du vera med på familievenleg aurefiske frå båt eller i høgfjellsterreng.
Familievenleg aurefiske

Dette er ein svært populær familieaktivitet i Myrkdalen, der me tilpassar turen etter veret og gruppa sitt ynskje. Me har ulike og attraktive alternativ som strekk seg frå aurefiske frå robåt til høgfjellsfiske på Vikafjell. Endeleg lokasjon blir avklart med guide dagen i forvegen.
Turen startar med å køyra til utvalt fiskevatn (5-25 min. køyretur). Me finn ein fin plass langs vatnet der me slår leir og fiskar etter aure med stong. Turen vert avslutta med å laga i stand eit måltid av dagens fangst på bål eller primus.
Les også: Her kan du fiske i meir enn 500 fiskevatn og elver.
Fiskekort
Ynskjer du å fiska på eigehand må du hugsa å kjøpa fiskekort. Vikafjellet og Myrkdalen har eige fiskekort som kan kjøpast på Myrkdalen Hotel.
Vossakortet
Vossakortet gjev tilgang til fiske i nærare 500 tjørn og vatn, og i mange elvestrekningar. Dette kan kjøpast på Inatur si nettside.