To personar med pulk på fjellski på Vikafjell

Tips til flotte turar på fjellski i Myrkdalen

Både langrenn og randonee har fått mykje merksemd i fleire år, men om du kunne tenkja deg rolege skiturar utanfor opptrakka løyper og utan fullt toppturutstyr, vil me slå eit slag for ein annan type ski.

Prøv fjellski i Myrkdalen og få endå fleire flotte turdagar gjennom vinter- og vårsesongen.

Tre kvinner på fjellski i laussnø med Myrkdalen Fjellandsby i bakgrunnen

 

Myrkdalen som påskedestinasjon

Ski har generelt stått sterkt i denne snørike dalen. Heilt frå 1950-60 talet har Myrkdalen vore ein ynda påskedestinasjon, då dei lokale leigde ut hus og hytter til bergensarar som ville på skitur. Dersom tanken om fjellski går til dei lange, rette og stive modellane mange hadde fram til 2000-talet, kan me heldigvis forsikra deg om at mykje har skjedd i skiutviklinga her også.  

Ynskjer du å testa fjellski i Myrkdalen er det berre å ta på seg skia rett utanfor døra og velja om du vil gå slakt eller brattare, kort eller langt. Fjella og dalane her er godt eigna for denne typen skiturar, der du enkelt kjem deg både opp og ned, samtidig som du får flytkjensla når det går bortover. Ein kort køyretur unna er moglegheitene nesten uendelege, både med og utan fjordutsikt.

TIPS: Om du er usikker på om fjellski er noko for deg, kan du leiga ski hjå Myrkdalen Skiutleige, så kan du prøva før du kjøper. 

 

Fine fjellskiturar rett frå Myrkdalen Hotel  

Spenner du på deg skia rett utanfor hotellet bør du først venda nasen mot skibrua og Årmotslia, der du fortset i trakka løype til den første klynga med stølshus, Bygdastølen.

Herifrå har du fleire fine turalternativ:

  • Fortset vidare frå støl til støl i løypa
  • Ta av i slakt terreng innover mot Reppane eller ned mot Oppheim
  • Vil du ha utsikt er Svolefjellet eit godt val, der du har panoramautsikt ned i dalen og over vossafjella
  • Ei verkeleg fenomenal utsikt får du frå Larsfonnberg, som er ein litt lengre tur vidare frå Revhaugen

Bestill hotellovernatting

 

Ein mann og ei kvinne drikk kaffi på skitur i Myrkdalen

 

Med utgangspunkt i skianlegget 

Det er ikkje noko problem å byrja turen med skiheis sjølv om du har fjellski. Frå toppen av Kari Traa-trekket er det berre ein liten time opp til Finnbunuten. Herifrå følgjer du den slake ryggen over Mørkvesberget med flott utsikt i alle retningar.

Pass på å koma godt vest for Svortetjørn før du vender deg ned mot Myrkdalen igjen. Nedover Langeleinene går det rett fram eit stykke før du vender aust og endar opp på tuftene under Mørkvesstølen. Kryss elva og sikt deg inn på Storhaugekspressen, som tar deg opp i skianlegget att.

 

Langrenn i Myrkdalen  30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen 
Langrenn i Myrkdalen

 

To personar på fjellski i vinterlandskap på Vikafjellet

 

Fjordutsikt ein kort køyretur unna 

Set du deg i bilen eit lite stykke, er det berre fantasien og kartet som set grenser for turmoglegheitene. 

Ein kortare tur som kan passa for litt skivande familiar, er Urdeggi på Vikafjellet. Etter omtrent ein times roleg skigåing i lettgått terreng, er det alltid like flott når ein plutseleg er oppe og ser ned mot Sognefjorden. Tips til tre andre fine fjellskiturar på Vikafjellet får du her. 

 

Ei jente tar mobilbilete av Flåmsbana under isdekt fjellside på Kjosfossen

 

Ta toget til fjells 

Visste du at du kan kombinera skitur med Flåmsbana? Flåmsbana er kjent som ei av verdas vakraste togreiser og går frå Flåm som berre er ein 45 minutt køyretur frå Myrkdalen.

Ta med skia om bord på toget og hopp av på Vatnahalsen. Her kan du gå langs Rallarvegen, ta ein familievenleg runde rundt Reinungavatnet eller få utsikt frå Reinunga eller Skjebergsnuten.

Husk å kjøpe med deg lunsj eller bakevarer frå Flåm Bakeri før du går på toget, og stikk innom Vatnahalsen Hotel for noko varmt å drikke før returen. Pass på å rekke siste tog ned att til Flåm! 

Kjøp togbillett til Flåmsbana

 

Fem kvinner kjem gåande mot kamera på fjellski i løype

 

Leig fjellski 

Er du usikker på om fjellski er noko for deg eller lurar på kva type ski du treng, anbefaler vi å leiga ski hjå skiutleiga i Myrkdalen for ein dag. Er nedkøyringa viktig, bør du kanskje ha ei breiare ski med god innsving. Har du hund med på tur bør du vurdera ski utan stålkant. Ynskjer du lange viddeturar, er kanskje ein lengre, stivare ski det rette valet, medan du som ynskjer å bruka skia til langrenn innimellom, bør ha ei fjellski som passar i sporet.

Har du bestemt deg for type ski du vil kjøpa, er sjansen stor for at du finn dei hjå Sport1 eller Myrkdalen Brandstore. 

Myrkdalen Skiutleige