Vetlebotn Sommar

Fjellstova Vetlebotn

Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. I sommar kan du nyta ein god kopp kaffi, is og heimelaga lappar her.

I Fjellstova Vetlebotn vert den lange historia for stølsdrift i Myrkdalen hylla langs veggane, og det koselege lokalet passar like ypparleg som møteplass for familien eller vennegjengen, som for deg som vil arrangera selskap og private arrangement.

 

Ein ode til stølskulturen i dalen

Gamalt bilete viser familie i finstasen på Mørkvesstølen

Stølsdrift har historisk vore ein viktig del av livet i Myrkdalen. Sidan Fjellstova Vetlebotn ligg nettopp på ein støl, ynskjer me å gje litt heider til denne delen av landbruket. Me har difor samla inn og hengt opp gamle bilete slik at du kan få eit lite innblikk i stølslivet før i tida.  

Stølane var tradisjonelt kvinnene sitt domene. På somrane flytta dei opp hit som budeier, for å ta seg av dyra og foredle mjølka.

Tru likevel ikkje at livet på stølen berre var idyll med mjølking av kyr og kinning av smør.

Etter morgonstellet med dyra, gjekk budeiene kvar dag ned att på garden for å delta i slåtten og laga mat til mennene. Tilbake på stølen var det tid for å lokalisere kyrne og ta kveldsstellet. Midt på sommaren var det stølshelg. Då samlast alle frå dei ulike gardane seg på stølen til eit triveleg samling med heimelaga rømmegraut. Rømmegraut står sjølvsagt på menyen i dag óg.

På hausten, når dyr og menneske var reist heim att, flytta huldrefolket inn på stølen.

Selskapslokale

Fjellstova Vetlebotn er også eit fint selskapslokale til ulike anledningar, frå romantisk bryllaupsfeiring til dåp, konfirmasjon og jubileum. Ta kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon eller vil bestilla.

Vetlebotn