Fjelltur med fjordutsikt

Fjellturar med fjordutsikt

Rett nord for Myrkdalen ligg Sognefjorden og i retning aust finn du Nærøyfjorden, og midt i mellom ruvar utallige fjelltoppar med fantastisk fjordutsikt.

Enten du er på jakt etter ein krevjande fjelltur med fjordutsikt eller ein meir familievenleg tur - vil du finna noko i regionen vår.

Bu 3 døgn eller lenger på Myrkdalen Hotel og få 20% rabatt på overnattinga. Tilbodet inkluderer også billett til sommarheisen, som tek heile familien høgt til fjells på 5 minutt.

Bestill sommartilbodet her! 

Breiskrednosi – luftig utsikt mot Nærøyfjorden

Breiskrednosi
Breiskrednosi med utsikt til Nærøyfjorden og mot Bakkanosi. Foto: Svein Ulvund

Same kva ruteval du tek til denne fjelltoppen er det ein krevjande tur, men på toppen får ein verkeleg lønn for strevet!  Utsikta mot Nærøyfjorden og landskapet rundt, er kanskje noko av det råaste du kan oppleva på Vestlandsferien din.

Du kan enten kombinera fjellturen med fjordcruise på Nærøyfjorden og hoppa av ved den veglause bygda Dyrdal eller starta ved Bakka og gå opp Rimstigen. Vel du start frå Dyrdal, går du fyrst ein 5 km lang grusveg til stølane på Hjølmo, vidare inn til Vassete og så opp til Breiskrednosi.  Frå Bakka fyl du stien opp Rimstigen til Skarsvotni , bak Rimstigfjellet og bort til toppen. 

Les også: Breiskrednosi - ei skjult perle midt i verdsarvriket
Breiskrednosi
 

Prest - fjelltur med fjordutsikt heile vegen

Prest

Fjelltoppen Prest ved Aurlandsfjorden er ei perle av ein fjelltur. Turen startar frå den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet, ca 1 time køyring frå Myrkdalen. Ved den tilrettelagde parkeringsplassen går ein god og tydeleg sti opp til utsiktspunktet på 1363 moh. 

Her kan du ta med born i alle aldrar og gå så langt borna har motivasjon, for utsikta over Aurlandsfjorden er fenomenal allereie etter nokre hundre meter. 

Etter ca 2,5 km og 500 høgdemeter kjem du fram til utsiktspunktet med panoramautsikt over Aurlandsfjorden som strekk seg sørover mot Flåm. Mot nord ser du spisse Kamben som markerer staden der Aurlandsfjorden møter Nærøyfjorden. Sjølve toppunktet ligg ca 100 høgdemeter lenger opp og dei som ynskjer seg ein lenger tur kan gå vidare til Blåskavelen (1.809 m.o.h.), som er det høgste fjellet i Aurland kommune. 

Les også 10 gode grunnar til å besøka Myrkdalen i sommar
Familievennlig sykling i Myrkdalen

Familievenlege Ovriseggi på Vikafjellet

Ovriseggi på Vikafjellet

Vikafjellet ligg ein kort køyretur unna Myrkdalen Fjellandsby, og på dette fjellplatået ligg eit stort nettverk av stiar i varierande vanskegrad og lengde. Ein familievenleg tur, med fantastisk utsikt mot Sognefjorden og Vik, er Ovriseggi. 

Når du køyrer over Vikafjellet, retning Vik, parkerer du på ein liten grusveg på høgre side rett etter tunnelen. Langsmed eggi går det ein tydeleg og merka sti i lettkupert terreng. Dersom du ikkje ynskjer å gå ned til Vik, er den vanlegaste plassen å snu ved Daurmålshaugen. Denne turen tek ca 2-3 timar tur/retur. 

Bestill sommartilbodet her!