Fluefiske i Myrkdalen

Flugefiske for nybyrjarar – lær deg sporten på 1-2-3

Flugefiske er for mange rein meditasjon og ein flott måte å nyta natur og omgjevnadar på. Lærer du deg kasteteknikk frå første stund vert gleda enda større.

Bli med på flugefiskehelg med Ingvild Aurdal

No har du sjansen til å delta på flugefiske i Myrkdalen saman med Ingvild Aurdal 18.-20. august. Ho er med i Noregs kvinnelandslag i flugefiske. Ingvild vil  halda eit praktisk fiskekurs i elva der du får læra ulike kasteteknikkar.

Bestill flugefiskehelg her

Fiske i Myrkdalen
Foto: Benjamin Hjort

Sporten passar nær sagt for alle aldrar, kan utøvast uansett vær og sesongen varer nærast heile året – så lenge det ikkje ligg is på fiskevatna eller elvane er frosne igjen, kan du nyte gleda av å fiske med stang og flue. Her er tre tips til deg som vil koma i gong med denne typen sportsfiske.

 

Les også: Her kan du fiske i meir enn 500 fiskevatn og elvar Bli med oss på fisketur i sommer

1. Lær deg teknikken

 

Det som skil flugefiske frå å fiske med sluk, er utsyr og teknikk. Kan du ikkje kaste, vil du neppe ha stor glede av denne sporten. Spar deg for mykje frustrasjon og lær deg kasteteknikk først som sist. Når du har gjort det, har kunnskap om insekt og korleis fisken flyttar seg, vil du fortare få glede av sporten. Flugekastekurs passar frå cirka 10-årsralderen og oppover, og sporten er utan tvil familievenleg.

Bestill guida aurefiske

2. Skaff deg utstyr

Fluefiske treng ikkje å vere ein dyr sport. Investerer du i ei utstyrspakke med stang, snelle samt flyteline og eventuelt vadebukse og -sko har du utstyr for lang tid framover.

3. Sørg for fiskekort

Fiskekort
Foto: Benjamin Hjort

Allemannsretten gjer at ein har lov å fiske og hauste av naturen i Noreg, men for å fiske i vatn og elvar er det nødvendig med fiskekort. Med vossakortet i lomma får du tilgong til meir enn 500 fiskevatn og elvar, og ønskjer du å fiske på Vikafjell og i Myrkdalen fins det eige fiskekort for desse områda. Fiskekort kan kjøpast på Myrkdalen Hotel eller på inatur.no

Visste du at

Flugefiske tar utgangspunkt i å etterlikne fisken si naturlege føde, som insekt og andre byttedyr, og ein skil gjerne mellom tørr- og våtfluer samt nymfeimitasjonar. Med tørrfluer føregår fiske på sjølve vassoverflata, medan fiske med våtflue skjer under overflata då dei ofte imiterer fiskeyngel og symjande insekt.

 

Fakta

På Voss er det sesong for fluefiske frå mai til september.