Frå heimekontor til bortekontor
Er du lei av heimekontor og treng litt variasjon i kvardagen? Ta med laptopen til Myrkdalen Hotel og få ny motivasjon og nye impulsar i vakker vestlandsnatur.
Bestill Knalltilbod Midtvekepakke
Kombiner produktive arbeidsøkter på eit behageleg og romsleg hotellrom, med skikøyring i eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg. I Myrkdalen tek me fleksible arbeidsdagar til nye høgder - bruk det kjærkomne dagslyset til herlege naturopplevingar og forskyv arbeidsøkta til ettermiddagen.
Byter du ut heimekontor med bortekontor nokre dagar, vil du få nye idèar, meir arbeidslyst og motivasjon i kvardagen
Vestlands mest komplette skisenter
Rett ved Myrkdalen Hotel ligg Vestlands mest komplette skisenter med løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Her ligg alt til rette for å ta ein kjapp tur i bakken i pausen, eller nyta heile dagen på ski.
Myrkdalen Hotel

Moderne Myrkdalen Hotel, som ligg i basen av skisenteret, har 112 rom i ulike storleikar og tre gode restaurantar med ulike konsept. Her kan du nyta smakfulle rettar av reine, lokale råvarer. Finn din favoritt, anten det er steinovnsbakt pizza i Tunet eller ein finare trerettar meny i Restaurant Nuten. Om du ynskjer ei sosial matoppleving, bør du sjekka ut Nuten Fondue. På kvelden kan du synka ned i dei behagelege stolane i Salto Lobbybar eller testa ut eit stort utval øl frå lokale bryggeri i Kamben Kafè og Bar.
Pust ut i Årmotslia Langrennsarena
Spenn på deg langrennsskia utanfor hotellet og legg ut på treningstur i Årmotslia Langrennsarena. I vintersesongen ligg ca 30 km preparerte langrennsløyper i kupert terreng og ventar på deg.
Bestill Knalltilbod Midtvekepakke
Velkomen til ditt nye heimekontor!