Frå heimekontor til bortekontor
Er du lei av heimekontor og treng litt variasjon i kvardagen? Ta med laptopen til Myrkdalen Hotel og få ny motivasjon og nye impulsar i vakker vestlandsnatur.
Kombiner produktive arbeidsøkter på eit behageleg og romsleg hotellrom, med skikøyring i eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg. I Myrkdalen tek me fleksible arbeidsdagar til nye høgder - bruk det kjærkomne dagslyset til herlege naturopplevingar og forskyv arbeidsøkta til ettermiddagen.
Myrkdalen Hotel Knalltilbod midtveke, inkludert 2-dagar heiskort
Byter du ut heimekontor med bortekontor nokre dagar, vil du få nye idèar, meir arbeidslyst og motivasjon i kvardagen
Vestlandets største skisenter
Rett ved Myrkdalen Hotel ligg vestlandets største skisenter med løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Her ligg alt til rette for å ta ein kjapp tur i bakken i pausen, eller tilbringa heile dagen på ski.
Pust ut i Årmotslia Langrennsarena
Spenn på deg langrennsskia utanfor hotellet og legg ut på treningstur i Årmotslia Langrennsarena. I vintersesongen ligg ca 30 km preparerte langrennsløyper i kupert terreng og ventar på deg.
Myrkdalen Hotel Kontor frå kr 395,- per dag
Dagstur eller med overnatting
Ynskjer du opphald over fleire dagar anbefalar me midtveketilbodet på Myrkdalen Hotel som inkluderer overnatting og 2-dagar heiskort.
Du kan også bestilla rom på Myrkdalen Hotel til kontor på dagtid frå kl. 07.00 - 19.00.
Velkomen til ditt nye heimekontor!