Friluftstur for familien

På denne turen er det ikkje toppen som er målet, men heller læring, leik og moro undervegs.

  • Sommarferie
  • Familie

Me utfordrar både store og små og tek for oss nyttig kunnskap som omhandlar alt frå pakking av sekk til navigasjon med kart og kompass, tenning av bål og oppsett av enkel rasteplass/camp i naturen. Turen er tilpassa familiar med born, og guiden tilpassar læringa til alderen på borna og familien sin samla erfaring.

STAD
Turen vert i nærområdet, med start frå Myrkdalen Hotel.

TIDSPUNKT
Kl. 10.00 – 14.00

DATO
Bookbart kvar dag i juli

UTSTYR
Gode sko og klede etter veret
Vatn
Sekk med ekstra klede

Niste som passer til å varme på bål (valfritt)
F.eks. ostesmørbrød pakket i aluminiumsfolie

Ekstra utstyr for dei som har:
- Sitjeunderlag
- Kart og kompass
- Speidarkniv
- Tarp/jervenduk
Guiden har ein del ekstra utstyr med til utlån. Alle får utlevert kvar sitt kart for området og eit kompass.

PRISAR
Vaksne: Kr 800
Born 7 - 17 år: kr 400
Born 0 - 6 år: Gratis
Familiepris: Kr 2000 (alle vaksne og born i same familie er inkludert)