Ina og Kjartan fekk større fridom ved å eiga
Sambuarparet Ina Bartz-Johannessen og Kjartan Vestbø, busett i Bergen, hadde leigd leilegheit i Myrkdalen i to år før dei bestemte seg for å realisera hyttedraumen i same området. Dei fikk større fridom ved å eiga i staden for å leiga.
– Det starta med at me ynskja oss ein stad å vere om vinteren for å stå på ski. Om me vil kan me stå på ski til langt ut på sommaren på Vikafjellet, men når vintersesongen er over i Myrkdalen treng me gjerne ein liten pause frå skia før me går på igjen, seier Ina og ler.
Unike turmoglegheiter
Paret sitt på toppen av fjellet ved Myrkdalsekspressen, ei av de lengste stolheisane skidestinasjonen har. Myrkdalen ligg ved foten av Vikafjellet og er omkransa av fjell på alle kantar. Ina og Kjartan skuar utover hytteområdet som har ekspandert dei siste åra, og peiker rundt på dei ulike fjelltoppane dei har vore på.
– Me går mykje i fjellet, det er så lett tilgjengeleg. Som regel går me opp langs eit av skitrekka eller langs elva. Hundane må jo ut, så me har verkeleg blitt godt kjend med dei mange turmoglegheitene i området, seier Kjartan medan han klappar hunden, Tjommi, bak øyra.
– Me vurderte å kjøpa på Geilo, men Myrkdalen var òg eit alternativ me undersøkte. Etter at me stadig såg at vener av oss kunne bruka både seks og sju timar på å køyra til eller frå hytta, vart valet enkelt, svarar Ina på spørsmål om kvifor de valde fjellandsbyen på Voss.
Frå å leiga til å eiga
Ina og Kjartan hadde leigd leilegheit ved Helgatun i Myrkdalen i to år då dei bestemte seg for å kjøpa ein av dei nye leilegheitene som var til sals i same området.
– Me er svært glade for at me kjøpte. Her har me alt me treng, og området og leilegheita passar våre behov, fortel Kjartan.
Ina har to vaksne born på 18 og 20 år som paret òg ville ha med seg på fjellet. I starten opplevde ho at destinasjonen hadde lite å tilby denne aldersgruppa på kveldstid, men det har Myrkdalen satt fokus på og tilbodet er utvida.
– Det er fint at gutane har glede av å vere her – både med og utan oss.
– For oss er Klypeteigen perfekt. Her har me sol, utsikt, nærleik til både skibakkar, hotell og utallige fjelltoppar, legg Ina ivrig til.
For oss er Klypeteigen perfekt. Her har me sol, utsikt, nærleik til både skibakkar, hotell og utallige fjelltoppar.
- Ina Bartz-Johannessen, eigar av leilegheit i Myrkdalen
Les meir: Her kan du sikra deg hytte på fjellet
Snøgaranti og kort veg
Ina og Kjartan er einige når dei skal trekkje fram det beste med å eiga i Myrkdalen, og seier nærast i kor, medan dei blikka deira møtast
– Definitivt snøgaranti og at det er kort veg heimefrå
Kjartan tenkjer, før han snakkar vidare.
– Før var me veldig opptekne av snø og vinter, men etter at me kjøpte, har me oppdaga sommaren her også. Kvar sesong finn me nye skattar, blant anna ein kulp i nærleiken kor me kan bada i fred. Det er jo heilt fantastisk at meoppdagar slike små perler å nyta.
Før var me veldig opptekne av snø og vinter, men etter at me kjøpte, har me oppdaga sommaren her også.- Kjartan Vestbø, eigar av leilegheit i Myrkdalen.
– Noko me set stor pris på med å eiga er kor enkelt alt er. Me parkerer i garasjen under oss, kor me har ein oppvarma skibod. Såleis kan me gå tørrskodd opp i leilegheita utan at me må ut i regn eller snø, fortel Kjartan.
– Her skiftar me til tørre klær, tek på oss tøflar, heng opp alt utstyr til tørk og går varme opp i leilegheita, seier Ina.
– Snømåking treng me heller ikkje å tenkja på, er Kjartan rask med å påpeike
Og begge er samde i at nettopp det er skikkeleg luksus.
Skapar sin eigen stil
Det er mange fordelar ved å eiga. Ina tykkjer det å setja sitt eige preg på leilegheita var det beste med å kjøpa.
– Dessutan har me meir fridom til å bruka leilegheita akkurat som me vil, når me vil. Me innreiier som me vil og treng ikkje vera redde for å øydeleggja noko. Ein annan umiddelbar fordel, er kor enkelt alt er. Me slepp å tenkja på at me må vaska nøye ut av leilegheita kvar gong me har vore her, det er jo me som skal bruka den neste gong også. Mat og basisvarer har me ståande slik at me ikkje må innom butikken og handla masse med oss kvar gong me skal til fjells.
Kjartan er einig, samstundes som han legg til at det er mykje meir avslappande å reisa hit.
– Særleg når det berre er for ei helg. Me tek som regel ein roleg morgon, går ein tur og drar heimover når me ynskjer det. Me treng ikkje å «utnytta» tida til det fulle når me eig, nikkar han nøgd.
Til slutt skryt paret av naboskapet på tunet, og seier at dei ofte våknar med fleire førespurnader på mobilen frå folk som vil ha dei med på ulike aktivitetar.
– Me planlegg lite når me drar opp her. Det er alltid noko å finna på, og som regel alltid nokon å gå turar med eller berre sitja og drikka vin med om kveldane, om ein ynskjer det. smiler Ina.
Drøymer du om ei hytte på fjellet? Sjekk moglegheitene i Myrkdalen.