Lær borna å stå på ski
Er tida inne for å introdusera borna dine til slalåm, men er usikker på korleis du skal gå fram? Me har teke ein prat med sjefen i Myrkdalen Skiskule, Jill Garen, som har gjeve tusenvis av vaksne og born skiglede dei siste 30 åra.
Kle borna etter vèrforholda
Med over 30 års erfaring som skilærar har Jill sett og opplevd heile spekteret av bekledning – alt frå dongeri til bomull og prinsessekjoler. Hennar klare råd til alle foreldre er å kle borna etter vèrforholda.
Overoppheta eller kalde born i heisen er oppskrifta på ein katastrofal dag i skibakken.
– Det fyrste ein må sørgje for er at det ikkje dannar seg klumpar i skoa av sokkane eller stillongsen, då dette kan gje gnagsår og vera svært ubehageleg for borna. For å unngå dette bør sokkane ikkje vera for tjukke eller for vide – og dei må vera i ull, presiserer Jill.
Bestill her Privatundervisning hjå Myrkdalen Skiskule
Tett igjen glipene
– Ull er gull, seier Jill entusiastisk. Det er lurt å ha på ullundertøy innerst, samt ha på fleire lag med klede, gjerne ullgensar og deretter jakke. I tillegg til lag-på-lag prinsippet, bør ein sørgja for å tetta igjen alle glipene som kan bli utsett for kulde, snø og vind.
– Utsette stader er halsen, handledda og panna. Sørg difor for at borna har på seg ein god hals, at vottane dekkjer over jakkeermene og at hjelmen sit godt på slik at det ikkje blir glipe mellom hjelm og briller.
Rett storleik på skoa er viktigare enn skia
Ein treng absolutt ikkje det nyaste og flottaste utstyret for å læra seg å stå på ski. Det er svært mykje bra utstyr på bruktmarknaden – noko som både er bra for miljøet og lommeboka di.
– Det viktigaste er å ha rett storleik på skoa. For små sko gjer dei små barneføttene svært kalde og for store sko kan lett føra til skader i form av vridning i ankelen, seier Jill.
– Skia derimot kan ein vekse litt med, og dei fleste born handterer ski som går frå like under haka til rett over hovudet. I prinsippet er korte ski enklare å svinga, men er mindre stabile, medan lengre ski gjev meir stabilitet og er litt vanskelegare å svinga.
Les også Ta med borna på ein aktiv vinterferie
Ver tolmodig og bruk lang tid i barnebakken

Skiglede kjem fyrst og fremst av at borna føler seg trygge i bakken. For nokre born tek dette lang tid og då er det viktig at foreldra ikkje blir utolmodige og drøymer seg lenger opp i anlegget for tidleg.
– Fyrste steg er å bruka rullebandet. Når ungane står på bandet får dei betre balanse og bakken nedatt er akkurat utfordrande nok for alle som er utrent på ski, seier Jill
Trygge born på ski er glade born på ski.
Den neste anbefalinga frå den erfarne skilæraren er at ein unngår å køyra med borna mellom beina, då dette fører til at ungane lener seg bakover og foreldra gjer såleis jobben for dei. Det same gjeld bruk av sele, som kan vera freistande å bruka for mange foreldre.
– Born som står på ski i sele får ikkje trent balanse, eller får øvd seg på å bruka sansane sine ved å sjå og høyre kva som skjer rundt dei. I mi erfaring vil born som har stått mykje i sele bruka lenger tid på å læra grunnleggjande teknikk. Det er difor betre at borna står mest mogleg på skia sjølve heilt frå starten, utan hjelp frå foreldra. Å falle på ski er heilt greitt – det er ein del av læringskurva, presiserer Jill.
Før ein beveger seg vidare til tallerkentrekka i barnebakken, bør borna læra å ploga og stoppa. Mange bruker pizza-begrepet for å få borna til å forstå korleis skia skal vera i plog. Jill sjølv har varierande erfaring med dette, og anbefalar at ein her må prøva seg fram med ulike begrep.
Leik i høgsetet

Etter 30 år som skilærar er Jill skråsikker på den viktigaste ingrediensen for å skapa skiglede - leik!
– Skinstruktørane og skilærarane hjå Myrkdalen Skiskule er alle utdanna gjennom Den Norske Skiskole, og dei har lært seg teknikkar som gjer det kjekt å stå på ski med oss. Alle born er ulike, nokon er tøffe og andre er meir forsiktige. Felles for alle er at dei lærer mest når dei har det kjekt. Dette gjer dei trygge, skapar skiglede og gjev motivasjon til å øva i bakken, fastslår Jill.
Å vera god på ski handlar ikkje om å køyra i full fart nedover - det handlar om å kunne stoppa, svinga og bremsa i alle snøforhold
– Treng borna meir utfordringar, kan du ta dei med i skogsløypene med kuler og ulendt terreng. Dette er godt for den motoriske utviklinga til borna, då det gjev mykje balansetrening og fartskontroll. Å ta dei opp i anlegget for tidleg vil bremsa utviklinga for mange, då det kan vera meir skremmande enn kjekt. Ver tolmodig og la borna utvikla seg på sine premissar, avsluttar Jill.
Lukke til!