Hytte

Gleda ved å eiga ei heilårshytte

Ynskjer du å eiga ei hytte på fjellet som du kan bruka både sommar og vinter? Då er Myrkdalen perfekt for deg.

Før drøymde nordmenn om hytta ved sjøen, no drøymer rekordmange om hytte på fjellet. Kva ynskjer du å oppleva ved å eiga ditt eige i fjellheimen? Snøgaranti, skimoglegheiter, flott turterreng rett utanfor døra, vakker utsikt og nærleik til byen? Myrkdalen kan i alle fall kryssa av på alle punkt. 

Samlingspunkt for familien

Samlingspunkt for familien

I 2019 var det registrert 434 809 antal hytter og fritidsbustader i Norge. Det er ei auke på over 10 % sidan 2009. Hyttedrøymen er ikkje lenger berre oppnåeleg for eldre par eller dei med mest inntekt. I dag er det enklare for yngre og nyetablerte å ta del i det herlege hyttelivet. 

Og eig du ei hytte, kan det fort bli det nye samlingspunktet for familien. Perfekt for å skapa minne som er verdt å ta vare på. Dei beste barndomsminnene er ofte dei små tinga. Som lange kveldar rundt bordet med kortspill. Eller å koma inn i ei varm stove til lukta av kakao, etter å ha vore ute i skibakken heile dagen. For ikkje å snakka om dei lyse sommarkveldane ute med leik og moro.

Ei hytte for aktivitet og ei hytte for ro

Bading

Om vinteren er du nesten garantert nok snø til å stå på ski frå november til mai. Medan du om sommaren kan traska rundt i fjellheimen, bada i dei mange kulpane eller sykla på tilrettelagde grusvegar og sykkelstiar. Kun fantasien set grenser for kva du kan oppleva– her er det er noko for alle. Både dei som likar actionfylte aktivitetar, men og dei som likar å ta livet med ro, sitja på terrassen med noko godt i glaset og nyta utsikta.

Eig du hytte i Myrkdalen får du ei heilårshytte som kan brukast uansett sesong. 

Nærleik til gode naturopplevingar

Kajakk

Fjellbygda på Voss ligg knappe to timar frå Bergen, Sogndal og Geilo. Med det som utgangspunkt kjem du deg kjapt til hytta, og har gode moglegheiter for å utforska andre stader i nærleiken. Myrkdalen ligger og nært både UNESCO-lista Nærøyfjorden og Flåmsbana. I tillegg til dei populære reisemåla Vikafjellet og Jordalen. Med andre ord perfekt for deg som søkjer flotte naturopplevingar.

Hytter og fritidsbustader – Fakta
Nordmenn elskar å vere på hytta. Men kor mange hytter har me, og kvar ligg dei? Her finn du tala som fortel om norske hytter og andre fritidsbustader

• Det er 434 809 antal registrerte hytter og fritidsbustader i Norge (2019).
• Det er 14 607 innbyggjarar i Voss herad (april 2019).
• Det er 3 149 hytter og fritidsbustader (2019) i Voss herad.
• Sidan 2002 har det blitt bygd 200 hytter, 442 leilegheiter og 112 hotellrom i Myrkdalen Fjellandsby
• Hovedtyngda av kjøparane i Myrkdalen kjem fra Bergen og kommunane rundt.
• I gjennomsnitt er det flest par i 40-åra som kjøper hytter.
• Myrkdalen har ei årleg produksjon av fritidsbustader på 30-50 stk. i året. Det betyr 60-80 årsverk i bygg- og anleggsbransjen i Myrkdalen per år.  

Drøymer du om ei hytte på fjellet? Sjekk moglegheitene i Myrkdalen