Grøn konferanse på Myrkdalen Hotel

Er bedrifta di miljøsertifisert? Då er de velkomne til å halda Grøn konferanse i vakre omgjevnadar på Myrkdalen Hotel, ein halvtime unna Voss.

Som miljøsertifisert hotell jobbar me målretta med å ta miljøbevisste val. Me har rutinar og tiltak som sikrar kontinuerleg arbeid med berekraft, og legg til rette for at også gjestar og samarbeidspartnarar kan ta aktive val som tener miljøet.

Send førespurnad om Grøn konferanse

Kva er Grøn konferanse

Konseptet Grøn konferanse er oppretta av Stiftelsen Miljøfyrtårn i 2012, som eit berekraftig alternativ til konferansar. Dersom dykkar bedrift er, eller kan dokumentera at de jobbar med å bli miljøsertifisert, kan me tilby dykk Grøn konferanse på Myrkdalen Hotel.

Dette inneber mellom anna at me har fokus på kortreist mat med økologiske råvarer frå lokale leverandørar. Me lagar ein meny med minst mogleg kjøt og prioriterer heller fisk som er i samsvar med WWF sin sjømatguide, samt frukt og grønsaker.

Frukt

Grøn Konferansepakke kan innehalda:

  • Møterom 2 dagar
  • Måltider: Lunsj ankomstdag, 3-rettar middag, frukost og lunsj avreisedag
  • Kaffi/te i Salto Lobbybar
  • Pausemat dag 2: Fersk frukt

Me lagar eigen menyplan til dykk.

Frå kr 2890,- per person i enkeltrom

Me kan skreddarsy eit konferanseopphald

Send førespurnad om Grøn konferanse

 

Gjennomføring av Grøn konferanse set altså visse krav både til oss som legg til rette for konferansar og til deg som arrangør.

 

Dette sikrar at begge partar har gjensidig fokus på relevante miljøtiltak både i forkant av og under konferansen.

Alle tilsette får nødvendig opplæring og informasjon kring Grøne konferansar, og me er dessutan opptatte av å informera om, og bevisstgjera miljøtiltaka våre ovanfor gjestane på hotellet.

Hovudleverandøren vår i samband med innkjøp er også miljøsertifisert, og dei aller fleste av samarbeidspartnarane våre er lokale.

Kjeldesortering og energisparande tiltak på bl.a. straum, ventilasjon og belysning er godt etablert hjå oss.

Me er også bevisste på å halda produksjon og kjøp av eingongsartiklar, reklame- og informasjonsmateriell på eit minimum for å minska klimapåverknaden vår.

 

Skal me saman ha miljøet i fokus?

Send førespurnad om Grøn konferanse

 

Reis kollektivt til Myrkdalen

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

Voss Jernbanestasjon er ein av stasjonane langs Bergensbana som går mellom Oslo og Bergen. Frå Bergen tek det 1,5 time og frå Oslo 5,5 timar.

Med gratis skibuss i vintersesongen kjem du deg enkelt frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog både til og frå Bergen og Oslo.