Fjelltur i Myrkdalen

Aktivitetsrik

Haustferie for heile familien i Myrkdalen

Eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjellet byr opp til leik! Myrkdalen har alt for deg som vil nyta haustferien til fjells - med fjellturar, sykling, leikar, hesteridning og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Under får du full oversikt over alt som skjer hjå oss i haustferieveke 41!

 

Open gard, Myrkdalen Hestesenter

Laurdag 8. og 15. oktober
Kl. 11.00 - 14.00

Hels på hestar, ponniar, folar, kaninar, høner og sauer. Her er kafé og moglegheit for å ri på ponni/hest.
NB! Parkering er nedanfor Myrkdalen Hotel.

Les meir

 

Torgdag i Myrkdalen

Torgdag

Laurdag 8. oktober
Kl. 11.00 - 15.00

Første laurdag i haustferien er det duka for torgdag i Myrkdalen. Her vert det blant anna kortreist mat, flott handverk og sal av klede frå ulike utstillarar.

 

Ansiktsmåling

Ansiktsmåling

Laurdag 8. oktober
Kl. 13.00 - 15.00

Alle born kan få pynta seg med ansiktsmåling. Her blir det flotte kreasjonar!

 

Orientering i Myrkdalen

Finns Orienteringsløp

Sundag 9. oktober
Kl. 10.30 - 12.00 (Registrering) Trekkepremiar kl. 14.00

Velkomen til Finns Orienteringsløp med flotte trekkepremiar. Ny løype er satt i Årmotslia, det er 15 postar totalt og du kan velga om du vil ta alle eller nokon. Me utfordrar alle barnefamiliar til å ta turen og finna postane. Alle born får diplom.

Klikk her for påmelding

 

Barnas restaurant

Bornas Restaurant

Tirsdag 11. oktober kl. 15.00 - 17.00 (FULLT)

I Bornas Restaurant får borna utfalda seg på kjøkkenet og laga eit herleg haustinspirert måltid. Kjøkkensjefen på hotellet har laga ein spennende to-rettar meny og er på plass for å rettleia og gje tips undervegs.

Meir info her

 

Hagamyra

Visning på Hagamyra

Onsdag 12. oktober kl. 12.00 - 16.00

Er du nysgjerrig på løypetraséen og området rundt Hagamyra?
Bli med på opning av visningshytta. Me fyrer opp bålpanne og griller pølser, kom innom for ein uforpliktande prat. Kl. 13 kan du vera med på vandring gjennom det nye løypetraséet. Hugs tursko!

 

Pinnebørd
Pinnebrødgrilling og eventyrstund

Torsdag 13. oktober
Kl. 11.00 - 13.00

Me griller pinnebrød saman med borna i Harehiet og kosar oss med eventyrlesing. Me møtast utanfor hotellresepsjonen.

Hinderløype i Myrkdalen

Hinderløypekonkurranse

Fredag 14. oktober
kl. 12.00

Velkomen til eit familie- og publikumsvenleg hinderløp i Myrkdalen. Her kan du utfordra deg sjølv med vener og familie i ei 80 meter lang løype.

Meir info om hinderløypekonkurransen

 

Motbakkeløp - Vinn Polestar 2 for ei langhelg

Laurdag 15. oktober
Kl. 11.00

Velkomen til eit familievenleg motbakkeløp i merka trasé frå Torget i Myrkdalen til Fjellstova Vetlebotn. Me tilrettelegg for både trimklasse utan tidtaking og konkurranseklasse med tidtaking. Registrering og uthenting av startnummer mellom kl. 10.00 og 11.00 på torget. Arrangementet er gratis for alle!

 


 

Andre aktivitetar

 

Uteaktivitet saman med aktivitetsleiar

Laurdag 8. oktober - onsdag 12. oktober
Kl. 11.00 - 12.00

Denne timen utforskar me naturen og leikar ute saman med ein aktivitetsleiar. Passar for born mellom 3-8 år. Foreldre må vera med. Møt opp på Torget.

 

Inneaktivitet saman med aktivitetsleiar

Laurdag 8. oktober - onsdag 12. oktober
Kl. 13.00 - 14.00

Her finn me fram teikne- og målesaker og kosar oss inne. Passar for born mellom 3-8 år. Foreldre må vera med. Møt opp i resepsjonen. 

 

Bordtennis og spel

Kvar dag kl. 11.00 - 18.00

Me opnar opp den store konferansesalen på Myrkdalen Hotel og ynskjer velkomen til bordtennis, spel og fri leik.

 

Demo Polestar 2

Fredag 14. - søndag 16. oktober

Polestar kjem på besøk til Myrkdalen og du har moglegheit til prøvekøyring av Polestar 2:
Fredag kl. 13-18.30
Laurdag kl. 11-19
Søndag kl. 10-16.

Du kan også vinna Polestar 2 for ei langhelg om du deltar i motbakkeløp laurdag 15. oktober.

<% totalFilter %> filter applicerade

Opplev vakre Aurlandsdalen

Majestetisk fjordlandskap

Flåm og Nærøyfjorden

Snaue 45 minutt køyring frå Myrkdalen finn du den vesle fjordbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden, som er velkjend for det majestetiske fjordlandskapet.
Nyt urørt, rå og vakker natur på eit fjordcruise, ta skandinavias lengste zipline frå toppen av verdskjende Flåmsbana,
opplev fart og spaning i opne rib-båtar eller besøk vikingbyen i Gudvangen!