Paret gler seg til å skapa minner her, saman med familien. Invitera venner. Kosa seg på kjøkkenet. Laga mat saman. Sjå ut på kvite fjelltoppar gjennom store vindaugsflater.
Draumen er å gå rett i skoa og ut og opp på toppene. Og kjenna ettermiddagssola steika i hytteveggen etterpå.
Hang til bratte heng
Paret ynskjer at Myrkdalen skal bli deira «nærfjell».
– Me vil tilbringa helgene ein stad me er sikra snø. Ein stad me kan dra til utan lange bilturar og mykje styr før me kjem oss av garde. Med dei klimaendringane me har no, der alt ser ut til å bli mildare og våtare, vurderer me Myrkdalen som den mest snøsikre staden innanfor to timars avstand heimanfrå i Bergensområdet, seier Stein.
Han elska barndomens uteliv i granskogen i Krokstadelva utanfor Drammen, men no kan han ikkje tenkja seg noko betre enn bratte vestlandsfjell. Han kallar seg topografi-flyktning.
Det beste med skikøyring er at eg gløymer alt anna. I kvar einaste sving eg sett er eg totalt til stades i augneblikket.
Det var fyrst i militæret på Setermoen i Bardufoss at Stein blei introdusert for fjellski og klatring. Og sidan har han alltid vore på jakt etter brattheng og urørt snø. Etter geologiutdanning og 12 år som fagansvarleg for redning i Aak Safety, jobbar han no som redningsteknisk rådgjevar i Norsk Luftambulanse.
Klart for skiglede
Som leiar for ei alpin redningsgruppe på fritida og sertifisert tinderettleiar er nærleik til fjellet noko han har ønska seg lenge. Førebels ser han for seg at familien vil boltra seg mest i skianlegget . Borna skal få skiferdigheitene på plass før pappa tek dei med på frikøyring og toppturar.
– Gleda over å vera ute betyr mykje for Ane og meg. Det ynskjer me å bringa vidare til barna. Kanskje opplever dei den same skigleda som oss? Ved å kjøpe hytte her legg me i alle fall til rette for at dei kan gripa den sjansen. Så får me berre håpa at dei kastar seg ut i det, bokstaveleg tala!
Workation Frå heimekontor til bortekontor
