Helge - og ferieprogram

I vintersesongen har me eit variert helge- og ferieprogram for alle aldrar!

Helgeprogram
Bli med på kjekke aktivitetar kvar helg gjennom heile sesongen

1. Kveldskøyring fredag og laurdag frå 15. desember - 23. mars
2. Skiskule gruppeundervisning kvar laurdag og sundag
3. Barneskirenn kvar laurdag og sundag frå 30. desember
4. Aketur kvar laurdag og sundag frå 30. desember
5. JibbeCamp for ungdom kvar sundag
6. Trening i storslalåm kvar sundag

Ferieprogram
Juleferie 26. - 31. desember / Vinterferie 12. februar - 4. mars / Påskeferie 26. mars - 1. april

ALLE DAGAR

Skiskule gruppeundervisning
Kjenn gleda av meistring i bakken saman med andre! Kl. 09.30 (100 eller 200 minutt)

Barneskirenn
Bli med på gratis barnerenn i Badnabakken! Alle deltakarar køyrer med startnummer og får premie. Kl. 11.30

JibbeCamp
Lær nye triks og korleis du kan bruka parken på ein god måte! Kl. 11.30 - 13.30
Fredag vil du ikkje gå glipp av – då blir Klaus Finne med oss!

Aketur
Me tek siste heisen opp med Myrkdalsekspressen og køyrer snowracer ned til hotellet! Oppmøte frå kl. 15.15

Reveklubben
Gratis aktivitetstilbod for småbarnsfamiliar på Myrkdalen Hotel. Kl. 16.00 - 17.30 (unnateke nyttårsaftan og  23. - 25. februar)

FASTE DAGAR

Tysdag: Kanefart
Stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet. Kl. 18.00 - 20.00 (turar på 20 minutt)

Onsdag: Pudder og Plask
Avslutt skidagen med ein herleg dukkert i det nye Vossabadet. Kl 15.40 - 18.00

Onsdag - laurdag: Kveldskøyring
I jule- og vinterferien har me har kveldskøyring i Landsbybakken og Badnabakken. Kl. 17.00 - 20.00

Park-kveld med Klaus Finne
Kvar fredag kan du hengja med Klaus Finne!

Torsdag - sundag: Parallellrenn
Konkurrer med familie og vener i ei spanande løype i Landsbybakken! Kl. 14.00

Laurdag: Vekas topptur
Me finn den beste toppen i Myrkdalen utifrå vêr - og føre!

Sundag: Trening i storslalåm
Garantert utbyte, uansett nivå.  Kl. 10.00 - 13.00