Fiskevatn

Her kan du fiske i meir enn 500 fiskevatn og elver

Det nappar i snøret og spenninga stig. Er det storauren som har bitt seg fast? Voss byr på innlandsfiske i meir enn 500 fiskevatn og elver, og moglegheiten for å dra i land mektige naturoppleving i majestetisk vestlandsnatur er stor.

Ingvild Aurdal

Enten du er erfaren fluefiskar som Ingvild Aurdal, berre har halde på nokre få sesongar, er heilt fersk, er innlandsfiske i Myrkdalen, Voss og Vikafjell heilt unikt. Hit kjem òg folk frå Amerika, Nederland, Belgia og England for å prøve fiskelykka.

Det er mange som framleis ikkje er klar over kor mange vatn og elvar det finst her, og at vi er bortskjemt med flott kvalitetsfisk, fortel Ingvild.

Sjølv har ho fiska sidan ho var fem år gamal, men det var fyrst i 2009 at ho prøvde seg på flugefiske. Sidan den tid har Ingvild halt i land fleire NM-gull, deltatt i EM og VM samt rokke å bli den fyrste kvinnelege autoriserte flugekaste-instruktøren gjennom NJFF.

 

Midt i naturen

Ingvild har vakse opp på ein gard i Ulvik med elva like utanfor stuedøra, og det er fortsatt elvefiske som er favoritten.

– Å stå midt uti elva med rennande vatn rundt seg og sjå etter vak som ein kan kaste etter, er spennande, beskriv ho, og legg til at flugefiske handlar både om observasjon, det å finne roen og ikkje minst teknikk og kunnskap.

– Det er så visuelt fordi ein ser alt som skjer. Med klåre vatn og fisk som hoppar, vert det ekstra viktig å gjennomføre gode kast slik at ein får presentert fluga på ein måte som gjer at fisken trur det er eit ekte innsekt. Timing betyr mykje, fortel Ingvild.

 

LES OGSÅ: Flugefiske for nybyrjarar- lær deg sporten på 1-2-3 Fluefiske tips, råd og kurs i Myrkdalen

 

Ikkje dårleg fiskevêr

Fiske på Vikafjellet

Og med over 500 fiskevatn og elvar å kaste fluger i, er det godt at det ikkje finst dårleg fiskevêr. Sommar som haust kan Vestland by på solrike, heite dagar eller pøsande regn og storm i vindkasta.

– Det kule med flugfiske er at det er så lite vêravhengig, sidan fiske er lett å tilpasse. Om sola skin eller regnskuren nettopp har gitt seg, spelar lita rolle for kor mykje fisk ein får, spesielt når ein har kunnskap om innsektliv og korleis fisken oppfører seg under ulike forhold. Fisken kan vere vrang og lite svolten, men då gjeld det å vere kreativ, legg Ingvild entusiastisk til.