Høstferie i Myrkdalen

I haustferien har me eit variert program enten du er festivalgjengar, tur- og kulturinteressert eller søkjer gode opplevingar med borna dine.

Ta sykkelmerket i sykkelløypa vår - kvar dag
I haustferien kan alle born ta sykkelmerket i løypa vår utanfor Myrkdalen Hotel. Ein kan ta merke i gull (krevjande), sølv(middels) eller bronse (veldig enkelt). Dei ulike merka er fordelt på tre ulike løyper med ulik vanskegrad.

Slik får ein merket: Vis til aktivitetsleiaren vår at ein kan sykla ei anvist løype uten å setje foten i bakken. Ein kan øva på løypa så mange gonger ein vil og ein kan ta alle merka i løpet av haustferien. 

Aktivitetsleiaren er ved løypa kvar dag i perioden 6. oktober - 14. oktober frå kl. 12.00 - 14.00. Her kan ein få  rettleiing i løypa, samt få tips og utfordringar. Gratis å delta.

Nostalgileikar - kvar dag
I haustferien vil vi tilretteleggje for mykje leik og moro på oppsida av Myrkdalen Hotel.  Nytt av året er 10 stasjonar med ulike Nostalgileikar som vil vera gratis å ta i bruk. Døme på leikar er hesteskokasting, bondesjakk, stryltre, kubb og andre enkle, men morosame aktivitetar. Kvar post vil vera tilrettelagt med info og reglar om aktiviteten. Ta med heile familien på ein runde med leik og moro.

Natursti til Vetlebotn - kvar dag
Me har no sett opp ny natursti frå Helgatun til Vetlebotn. Dei med rett svar er med i trekninga om festivalpass til Myrkdalen Barnefestival 2019. Bli med!

Eigedomsvisningar 11., 12., og 13. oktober
Me har akkurat lagt ut 20 attraktive leilegheiter fordelt på to bygg for sal. Desse ski inn - ski ut leilegheitene har to til fire soverom, parkeringsplass i underetasjen og er svært sentralt plassert. Bygga ligg høgst oppe i Klypeteigen med flott utsikt mot Årmotslia og sentrumsområdet av fjellandsbyen.  

Familieaktiviteter 12. - 14. oktober

Kveldsvandring for barnefamiliar - fredag 12. oktober 
Møt opp i resepsjonen på Myrkdalen Hotel klokka 18.00. Me tuslar ein tur i skumringa frå hotellet og bort i skogen ved Helgatun. Her blir det ei lita eventyrstund før me går tilbake til hotellet. Hugs hovudlykt og sitjeunderlag. Gratis å delta

Traktorsafari - laurdag 13. oktober
Bli med på traktorsafari og kjekk tur på naturstien frå Vetlebotn til Myrkdalen Hotel! Tradisjon tru fraktar me små og store opp til Vetlebotn med traktor og spesiallaga tilhengar. To avgangar - kl 10.00 og kl 12.00

Ponniridning - laurdag 13. og sundag 14. oktober
Myrkdalen Hestesenter tilbyr ponniridning for borna utanfor Myrkdalen Hotel frå klokka 12.00 -14.00. Kontant betaling eller Vipps. 
Kr 50,- per runde, maks to rundar per born. 

Nostalgileikar med aktivitetsleiar - sundag 14. oktober
Det vil vera ein aktivitetsleiar i området frå klokka 12.00 - 14.00. Her blir det arrangert uformelle konkurransar i hesteskokasting, ringspel mm. Gratis å delta  

Tråtraktorar -laurdag 13. og sundag 14. oktober
Ungar som er hekta på traktorar? På torget utanfor Myrkdalen Hotel vil det vera tråtraktorar til fritt bruk frå kl 10.00 . Gratis å delta

Songstund med Kari Finne Sognnæs - laurdag 13. oktober 
Klokka 15.30 inviterer Kari små og store til songstund i Storebotn Konferansesal på Myrkdalen Hotel. Gratis inngang

Karneval og disko - laurdag 13. oktober
Kle deg ut og bli med på karneval på Myrkdalen Hotel klokka 18.00 - 19.30. Gratis inngang

Knallgode tilbod hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige

Sommar- og vinterklede
I butikken blir det sal av sommar og vinterklede med inntil 50 % rabatt.

Nye alpintski med binding til halv pris
Gjer eit kupp og kjøp nye alpintski med binding til halv pris.

Brukt utstyr
I haustferien kan du kjøpa brukt utstyr frå ski- og sykkelutleiga både til born og vaksne. 

Tilbod slipeautomat:
Gjer deg klar for vintersesongen! Levèr skia dine i haustfeiren og få slip av såle, kantar, sårfylling og voksing for kr 500,-

Butikken er ope frå 5. oktober til 14. oktober frå klokka 09.00 - 16.00

 

Eigedomsvisningar i høstferien

Me har akkurat lagt ut 20 attraktive leilegheiter fordelt på to bygg for sal. Desse ski inn - ski ut leilegheitene har to til fire soverom, parkeringsplass i underetasjen og er svært sentralt plassert.

Les meir

Traktorsafari

Laurdag 13. oktober kan du bli med på traktorsafari og kjekk tur på naturstien frå Vetlebotn til Myrkdalen Hotel! Tradisjon tru fraktar me små og store opp til Vetlebotn med traktor og spesiallaga tilhengar.

Bestill her

Vinsmaking og viltmiddag

Torsdag 11. oktober held Camilla Tufte frå Moestue Grape Selection vinsmaking på Myrkdalen Hotel, etterfulgt av 3-rettars viltmiddag med vinpakke i Restaurant Nuten. Avgrensa plassar - bestill tidleg!

Pris fra 995,-
Les meir