topptur

Hyttekos midt i veka: Bu i leilegheit og få heiskort inkludert

I vinter tilbyr me gunstige pakkeprisar på leilegheiter, inkludert heiskort i midtvekene. Midt i blinken for deg som ynskjer å ha fjellet heilt for deg sjølv, medan alle andre er på jobb.

Send e-post:
Leig leilegheit med heiskort inkludert
(Kampanjen gjeld ikkje i veke 9 og 15.)

 

Har du skift- eller turnusarbeid, eller av heilt andre årsaker har fri midt i vekene, kan du dra nytte av dette tilbodet. Kanskje de er fleire skiglade kollegaer eller venepar som har fri samstundes, og vil reisa på ein liten miniferie i lag?

 

Skikøyring i umiddelbar nærleik

Bu i moderne og komfortable leilegheiter for minimum 2 netter og få 3-dagars heiskort inkludert.

Bestiller du overnatting i leilegheit har du fin skikøyring i umiddelbar nærleik i Vestlands mest komplette skisenter, med nypreparerte løyper og variert offpiste-terreng. Ver fyrstemann i heisen og opplev urørt pudder på formiddagen. Midt i vekene er fjellet nesten berre ditt!

 

Få «hyttekos-kjensla»

Etter ein fartsfylt dag i løypene er det godt å koma inn og kjenna på «hyttekosen». Få fyr i peisen – Ha det lunt og godt medan middagen godgjer seg i omnen.

Alle leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby er fullt utstyrt for sjølvhushald, inkludert kjøkken med oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagruppe, TV og spisebord. Det er gangavstand til restaurantar, kaféar og aktivitetsområde.

Leilegheit Myrkdalen

Leilegheit Myrkdalen

 

Kampanje: Leig leilegheit midtveke og få skikort inkludert

Leilegheit med 2 soverom

  • Inkludert 2 overnattingar, 3 dagars skikort, sluttvask og sengetøy.
  • 2 personar: Frå kr 1870,- per pers.
  • 4 personar: Frå kr 1305,- per pers.

Leilegheit med 3 soverom

  • Inkludert 2 overnattingar, 3 dagars skikort, sluttvask og sengetøy.
  • 3 personar: Frå kr 1450,- per pers.
  • 6 personar: Frå kr 1240,- per pers.

Kampanjeprisane gjeld minimum 2 overnattingar med moglege ankomstdagane: søndag, måndag, tysdag og onsdag.
Kampanjen er ikkje tilgjengeleg i veke 9 og 15.

 

Send førespurnad om kampanjen via skjemaet nedanfor eller send ein e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no