Svortetjødn

Idyllisk dagstur til Svortetjødn

Idylliske Svortetjødn ligg fint skjerma i høgfjellsterrenget og inviterer til eit forfriskande dukkert på varme sommardagar.

Svortetjødn

 

  1. Turen er på 7,2 kilomenter om du startar frå Myrkdalen Hotel. Gå forbi Myrkdalsstovo og følg grusvegen 600 meter til Helgatun.
  2. Følg stien oppover i 1,1 kilometer til stiskiljet. Ta til høgre og gå 300 meter oppover til Vetlebotn og starten av Kari Traa- rekket.
  3. Her går du opp grusvegen i 2,2 kilometer før du så tek til høgre, 50 meter før du når toppstasjonen på Storhaugekspressen.
  4. Gå langs eit lite tjørn før du dreier til venstre. Kryss begge elveleiene og følg sauetrakket/stien på høgre side av elva ned til Mørkvestølen.
  5. Frå stølen går du nordvest opp dalen. Etter ca. 1,2 km flatar det litt ut. Drei mot venstre og inn til idylliske Svortetjødn.

Tips: Halvdagstur til Svortetjødn - Halver lengda på turen til 3,8 km ved å ta sommarheisen, og ta turen som ein halvdagstur.

Sommarheisen går kvar dag kl. 10:00-15:00 fram til og med 21. august.

GOD TUR!