Ledige stillingar

MYRKDALEN FJELLHEISER
Skisenteret har ni heisar fordelt på to seks-setar ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei minste. Frå heisane når ein 22 preparerte løyper i ulik vanskegrad. Myrkdalsstovo er velkomstsenteret vårt. Her sel me skikort og ei rekkje daglegvarer. I tillegg har me ein koseleg kafé.

Myrkdalen Fjellheiser har ledige stillingar for sesongen 2018/19, både 100% stillingar i sesongen og helgeavløysarar.  Det er ledige stillingar som heisførarar, driftspersonale heis, kiosk medarbeidar / billettsal, skipatrulje og maskinførar trakkemaskin. Heisførar/maskinførar  må vera over 18 år.

Send søknad innan 1. september til  [email protected] 

MYRKDALEN SKISKULE
Myrkdalen er ein av Norges mest snøsikre destinasjonar, og i ein stadig veksande marknad ser me etter fleire dyktige medarbeidarar. 

Administrativ kontormedarmeidar
Myrkdalen Skiskule AS søkjer etter administrativ kontormedarbeidar for vintersesongen 2018/ 19 frå 01.12.2018 - 30.04.2019. 

Me leitar etter ein person som er:
- ryddig og systematisk
- flink både muntleg og skriftleg i norsk og engelsk
- både sjølvstendig og likar å samarbeida med andre 
- serviceinnstilt og likar å jobba i eit hektisk miljø på verdas beste arbeidsplass

Arbeid i helger og feriar gjennom sesongen må påreknast. Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet. For spørsmål rundt stillinga ta gjerne kontakt på tlf: 959 93 535

Send søknad og CV innan 1. oktober til [email protected]

Instruktørar
Me ser etter personar som er interesserte i å utvikle seg i tråd med vår destinasjon, og som ynskjer å utvikle seg både pedagogisk og skiteknisk. Arbeidskvardagen består i undervisning, aktivitetar og tilrettelegging. Sidan hovudmengda av våre gjester er norsktalande er det nødvendig å snakke norsk ( evt. svensk/ dansk). Me ynskjer personar som er sjølvstendige, har gode samarbeidsevner og har fokus på å ville vere ein del av eit godt arbeidsmiljø. Som fast ansatt er det et minimum å ha internasjonalt godkjend trinn 2 utdanning ( IVSI). Denne godkjenninga kan ein også ta på DNS godkjent kurs i Stubaital Østerrike i november såframt ein har trinn 1 frå før av.

Send søknad til [email protected]

MYRKDALEN HOTEL
Myrkdalen Hotel på Voss er eit fullservice heilårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept. Myrkdalen Hotel har for tida ingen ledige stillingar.