test

Ofte stilte spørsmål

Har du spørsmål? Me har svar!

Kvar er nærmaste matbutikk?
Om vinteren har me eit lite utval daglegvarer i Myrkdalsstovo. Om sommaren kan du kjøpa brød, kaffi og is på Myrkdalen Hotel. Nærmaste matbutikk finn du på Vinje, 9 km i retning Voss frå Myrkdalen.

Kvar er nærmaste minibank?
Nærmaste minibank er på Vinje, men du kan ta ut kontantar i Myrkdalsstovo.

Kor tid byrjar de å selja sesongkort?
Kampanjesal på sesonkort er frå 15. september - 15. oktober. Etter 15. oktober er det ordinær pris på alle heiskort. 

Kan skikort til barn under 7 år ordnast på nett ?
Skikort til barn under 7 år skriv me ut i billettutsalet i Myrkdalsstovo. Treng ikkje bestilla plass på forhand til dei under 7 år. Korta er gratis dersom barnet har hjelm men dei må ha eige keycard som kostar kr. 60,- hvis de ikkje har keycard fra før. 

Kor tid går skibussane?
Me har gratis skibuss med daglege avgangar mellom Voss Stasjon og Myrkdalen. Sjå busstider HER 

Kvar finn eg oppdatert vèr og føremelding?
Me oppdaterer dagleg både på twitter, facebook og HER

Kor tid er det sesongavslutning?
Myrkdalen er kjend for mykje snø og lang sesong! Skisenteret held ope til 1. mai, men topptursesongen forsett til langt utpå sommaren.

Kvar kan eg sjå sportsendingar i Myrkdalen?
I Kamben Kafè og Bar viser me ulike sportsendingar heile året.