Bookingvilkår

1. Generelle vilkår
1.1 Desse generelle vilkåra gjeld mellom Norway's best AS og andre som inngår avtale med Norway's best AS i henhold til bekreftelsen (gjesten)
1.2 Norway's best AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom myrkdalen.no. 
1.3 Norway's best AS er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjesten har bestilt gjennom oss. Våre underleverandørar er ansvarleg for kvar sin del av sitt program; fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i samsvar med dei gjeldande lovane og reglane for leverandøren.
1.4 Gjesten som bestiller på myrkdalen.no må vere fylt 18 år. Dette gjeld for alle varer og/eller tenester som kan bestillast på gjeldande nettside, ekskludert Hytter/Leilegheiter (j.f § 1.5)
1.5 Ved bestilling av Hytter/Leilegheiter må den som bestiller vere minst 23 år.
1.6 Norway's best AS fråskriv seg ansvar for feil gjesten gjer dersom ein ikkje har følgt våre vilkår. Vilkåra beskyttar deg som gjest og Norway's best AS som distributør.

2. Bestilling
2.1 Ei bestilling er bindande så snart eit bookingnummer er tildelt gjesten og betaling fullført. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at ankomst- og avreisedato, samt alt anna som er av betyding for bestillinga er korrekt.

3. Betaling
3.1 Gjesten skal betale 100 % ved bestilling via myrkdalen.no. Gjesten tek med seg kvitteringa ved ankomst. 3D Secure er aktivert for websida.
3.2 Vår samarbeidspartnar Teller AS er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar vert handtert trygt i samsvar med dei krav som er definert i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS).

4. Forsikring
4.1 Me anbefaler alle våre kundar sjølv å sørgje for gode forsikringsavtalar før reisa, i tilfelle sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulykke, ansvar og liknande.

5. Vilkår for alle produkt som er bestilt på myrkdalen.no 

5.1 Avbestilling
5.1.1 Avbestilling skal skje skriftleg på e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no
5.1.2 Om avbestillinga finn stad 20 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Norway's best AS tilbake 100 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
5.1.3 Om avbestillinga finn stad mellom 19 dagar og 10 dagar før ankomst, betalar Norway's best AS tilbake 50 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
5.1.4 Dersom avbestilling skjer mindre enn 10 dagar før ankomst vert beløpet ikkje refundert.

5.2 Endring av bestilling
5.2.1 Endring av ankomst- og/eller avreisedato må skje meir enn 10 dagar før ankomst. Endring må skje via e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no
Endring kan medføra eit mellomlegg for høgare pris pga tilgjengelegheit og tilbod.

5.3 Innsjekk, utsjekk og ankomst for alle overnattingseiningar
5.3.1 Innsjekk for alle overnattingseiningar er på Myrkdalen Hotel etter kl. 16.00 på ankomstdagen
5.3.2Utsjekk for alle overnattingseiningar er på Myrkdalen Hotel før kl 11.00 på avreisedagen
5.3.3 Skipass som vert seld saman i ei pakke med overnatting skal hentast på Myrkdalen Hotel.
5.3.4 Resepsjonen på Myrkdalen Hotel er døgnope, men dersom tidspunktet for ankomst er seinare enn kl 20 ber me om å bli informert om dette på telefon eller e-post.

5.4 Endring av overnattingseining
5.4.1 På bakgrunn av hendingar som ligg utanfor Norway's best AS sin kontroll, har Norway's best rett til å flytta gjesten til ein likeverdig overnattingseining. Der det er mogleg, skal gjesten informerast på førehand om slike endringar. Slike endringar gjev ikkje gjesten rett til å unnlate betaling for opphaldet.

5.5 Klagar på overnattingsstaden
5.5.1 Dersom gjesten har klagar angåande sin overnattingseining ved ankomst eller under opphaldet, ta snarast kontakt med resepsjonen på Myrkdalen Hotel, slik at det er mogleg å rette opp feilen.
5.5.2 Feil som vert informert om ved avreise eller seinare, vert ikkje kompensert økonomisk

5.6 Spesifikke vilkår for Hytter/Leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby
5.6.1 Straum er inkludert i prisen. Ved er ikkje inkludert og må bestillast separat.
5.6.2 Opphaldet er basert på sjølvhushald. Sengetøy er obligatorisk, og inkludert i prisen ved bestilling. Handklede er også inkludert. Oppreidde senger (på førespurnad): Kr 300,- per person
5.6.3 Gjesten er ansvarleg for eventuell skade som ikkje skuldast normal slitasje. Ved forsikringsskade vert eigenandel belasta gjesten
5.6.4 Overnattingseininga må forlatast ryddig, avfall skal plasserast i avfallsbod i hyttefelta og sengetøy som er leigd av Norway's best AS skal leverast i resepsjonen på Myrkdalen Hotel.
5.6.5 Ved leige av alle våre overnattingseiningar må ein betale for utvask. Dette er inkludert i prisen ved bestilling.
5.6.6 Røyking er ikkje tillete i våre einingar og det er kun tellete å ha med husdyr i hyttene/leilegheitene dersom dette er avtalt skriftleg med Norway's best AS. 
5.6.7 Det skal vera stille/ro mellom kl. 23.00 og 07.00

6. Vilkår for Heiskort
6.1 Heiskort er personleg og kan ikkje bli overdratt til andre
6.2 Mista kort vert ikkje erstatta
6.3 Det er ingen returrett på heiskort
6.4 Ved misbruk eller brot på dei alpine løypereglane blir kortet inndratt. Desse reglane kan gjesten lesa på myrkdalen.no
6.5 Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maskinfeil eller liknande.

7. REFUSJON SESONGKORT VED COVID-19 ELLER ANNA PANDEMI
Me er opptekne av at sesongkortet i Myrkdalen skal vera ei god investering som gjev deg mange gode opplevingar. Ski- og utandørsaktivitet, med god plass i bakkane, skal vera ein trygg aktivitet. Me planlegg med gode smittevernstiltak, slik at alle gjester får ei trygg og god oppleving.

For dei som kjøper sesongkort gjev me garanti for refusjon dersom skianlegget mot formodning skulle koma opp i ein situasjon der anlegget må stenga ned store delar av sesongen grunna Covid -19 eller anna pandemi.

Fylgjande refusjonsordning gjeld ved Covid-19 eller anna pandemi for vintersesongen 22-23:

Antal opningsdagar Refusjon av betalt årskortpris
< 100 dagar 20 %
< 75 dagar 40 %
< 50 dagar 60 %
< 25 dagar 80 %

 

REFUSJON
Det blir ikkje gitt refusjon på heiskort ved dårlig vær, tåke, snø, ising, teknisk feil eller liknande. Dersom du er usikker med hensyn til vær og føre, ta kontakt med billettkontoret før du kjøper heiskort. Ved skade eller sjukdom gjev me refusjon mot framvisning av legeattest. Refusjon ved sjukdom eller skade blir kun gjeve til den personen som er sjuk eller skada, og kun for dei dagar heiskort ikkje har vore brukt. Ved tidleg avreise på grunn av uforutsette hendingar blir det ikkje gitt refusjon. Det blir ikkje gitt refusjon på valfrie dagar i sesongen og sesongkort. Meir informasjon om heiskortreglar og almenne vilkår for kjøp og bruk av heiskort finn du her.

8. Vilkår for Skiutleige

8.1 Avbestilling
Viser til punkt 5.1

8.2 Utlevering av utstyr
8.2.1 Utstyr som er bestilt via myrkdalen.no kan hentast i Myrkdalen Sport & Skiutleige, vis a vis Myrkdalen Hotel.

8.3 Innlevering av utstyr
8.3.1 Utstyr må leverast i Myrkdalen Sport & Skiutleige innan kl 16.00 fram til 31. januar og innan kl 16.30 fram til 1. mai når utleigeperioden er ferdig.

8.4 Erstatning
8.4.1 Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maskinfeil eller liknande.

9. Vilkår for Skiskule-produkt

9.1 Avbestilling
Viser til punkt 5.1

9.2 Erstatning
Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp i skianlegget grunna dårleg vèr, straumbrot, maskinfeil eller liknande.

10. Force Majeure og utilfredstillande vèrforhold
Norway's best AS og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vèrforhold, stengte fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet si kontroll. Me tek forbehold om feilprising, beskriving av tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan bli brukt på grunn av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn­ eller el-­tilførslar, og liknande hendingar som verken Norway's best AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.