Isfiske

Onsdagar i vinterferievekene og i påskeferien kan du bli med på isfiske på Lønavatnet med vår dyktige guide Ingvild Aurdal. Isfiske er ein kjekk aktivitet for alle aldrar!

  • Vinterferie
  • Påskeferie
  • Enkel
  • Utstyr inkludert

Du møter guiden Ingvild Aurdal på Smalahovetunet, som ligg ved Lønavatnet, ca 20 km frå Myrkdalen Fjellandsby retning Voss. Ho har alt av utstyr de treng for dagen og vil gje dykk innføring i isfiske og tips gjennom dagen.

PRISAR
Kr 500 for vaksne
Kr 300 for born 4 - 12 år

TILGJENGELEGE DATOAR
24. februar
3. mars
31. mars

TIDSPUNKT
Kl 10.30 - 15.00

PARKERING
Parkering ved Smalahovetunet, 22 km frå Myrkdalen Fjellandsby retning Voss.

BEKLEDNING
Ta på varme og vasstette klede for å vera ute ein lang vinterdag. Me anbefalar ullundertøy, mellomlag og vass/vindtett jakke og bukse, gode og varme vintersko, varm lue, hals og vottar. Har du dunjakke anbefalar me dette også.

MAT OG DRIKKE
Ta med eigen mat og drikke. Me anbefalar også å ta med varm drikke.

NB!
Aktiviteten kan bli avlyst dersom det ikkje er trygg is på vatnet.