Ski inn - ski ut
Juleferie i Myrkdalen
I Myrkdalen får du ein minnerik og aktiv juleferie saman med familien. Hotellet er pynta til fest, tradisjonsrik julemat står på menyen og me byr på kjekke aktivitetar under heile opphaldet.
Ski inn - ski ut
I Myrkdalen får du ein minnerik og aktiv juleferie saman med familien. Hotellet er pynta til fest, tradisjonsrik julemat står på menyen og me byr på kjekke aktivitetar under heile opphaldet.
Juleferie i Myrkdalen betyr skikøyring i velpreparerte løyper, avkopling, god mat og kjekke aktivitetar.
Pakka inneheld:
På Myrkdalen Hotel ligg alt til rette for ein koseleg juleferie for heile familien
Skisenteret ligg unikt til i eit mektig landskap av fjell og fjord, ein halvtime frå Voss og to små timar frå Bergen.
Tilbodet i Myrkdalen er komplett og valmoglegheitene er mange.
I Myrkdalen er alt samla på ein stad. La bilen stå parkert heile opphaldet og bruk tida på minnerike opplevingar. Hjå oss finn du familievenlege bakkar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng.
Myrkdalen Hotel ligg i foten av skisenteret, med ski inn - ski ut tilkomst. Her ligg alt til rette for ein fin ferie saman med familien.
Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering og hotell. Her går tallerkentrekka og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.
Barneområdet er ein perfekt plass å læra seg å stå på ski, med ei brei og oversikteleg løype for nybegynnarar og morosame løyper i skogen.
Er du heldig, treff du på haren Finn. Han elskar å stå på ski og viser gjerne fram eit triks eller to.
Alle aktivitetane er gratis, og premieutdeling høyrer sjølvsagt til på renna.
Skisenteret består av to seks-setar ekspressheisar, tre t-krok heisar, tre tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband for dei minste og 22 løyper i ulik vanskegrad. Her er noko for alle, uansett nivå.
Uansett om det er fyrste gong på ski eller du ynskjer å finpussa på teknikken, har skiskulen Myrkdalen Aktiv privat-og guppeundervising på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.
Visste du at det er både lysløype og til saman omlag 30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen?
Bur du på Myrkdalen Hotel kan du spenna på deg langrennsskia rett utanfor døra. Løypene er trakka for både skøyting og klassisk langrenn, men kan òg brukast som turløyper med fjellski.
Området er kupert og er perfekt for skileik med born eller ei god treningsøkt i eventyrlege omgjevnader.
Om du manglar utstyr har Sport 1 Myrkdalen & Skiutleige og Myrkdalen BrandStore alt du treng for ein aktiv dag i løypa.
Når du vert svolten har me heile 8 serveringstader å velja mellom. Kjøkkenet legg vekt på bruk av lokale råvarer og lagar velsmakende rettar frå botn av.
I juleferien kan du oppleva tradisjonsrike måltid frå regionen, med kjøkkensjefen sin eigen vri.
Velkomen til juleferie i vinterparadiset Myrkdalen