Juleprogram i Myrkdalen

Me har eit innaldsrikt program heile høgtida

AKTIVITETSPROGRAM: 26. - 31. DESEMBER

Alle dagar

Skiskule gruppeundervisning
Kjenn gleda av meistring i bakken saman med andre! Kl. 09.30 (100 eller 200 minutt)

Barneskirenn
Bli med på gratis barnerenn i Badnabakken! Alle deltakarar køyrer med startnummer og får premie. Kl. 11.30

JibbeCamp
Lær nye triks og korleis du kan bruka parken på ein god måte! Kl. 11.30 - 13.30
Fredag vil du ikkje gå glipp av – då blir Klaus Finne med oss!

Aketur
Me tek siste heisen opp med Myrkdalsekspressen og køyrer snowracer ned til hotellet! Oppmøte frå kl. 15.15

Reveklubben
Gratis aktivitetstilbod for småbarnsfamiliar på Myrkdalen Hotel. Kl. 16.00 - 17.30 (unnateke nyttårsaftan og  23. - 25. februar)

Faste dagar

1. og 2. juledag
Kl 18.00: Filmvisning for dei minste i Ondrahaugen på Myrkdalen Hotel
Kl 20.30: Flmvisning for dei eldste i Ondrahaugen på Myrkdalen Hotel

Tysdag: Kanefart
Stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet. Kl. 18.00 - 20.00 (turar på 20 minutt)

Onsdag: Pudder og Plask
Avslutt skidagen med ein herleg dukkert i det nye Vossabadet. Kl 15.40 - 18.00

Onsdag - laurdag: Kveldskøyring
I jule- og vinterferien har me har kveldskøyring i Landsbybakken og Badnabakken. Kl. 17.00 - 20.00

Park-kveld med Klaus Finne
Kvar fredag kan du hengja med Klaus Finne!

Torsdag - sundag: Parallellrenn
Konkurrer med familie og vener i ei spanande løype i Landsbybakken! Kl. 14.00

Laurdag: Vekas topptur
Me finn den beste toppen i Myrkdalen utifrå vêr - og føre!

Sundag: Trening i storslalåm
Garantert utbyte, uansett nivå.  Kl. 10.00 - 13.00

Skred & frikøyringskurs og skiinstruktørkurs
28. - 29. desember kan du bli med skiskulen på skred & frikøyringskurs og 26. - 31. desember kan du bli med på skiinstruktørkurs - trinn 1

MØT EIGEDOMSAVDELINGA
28. desember frå kl 15.30 - 17.00 og frå kl 18.00 - 19.30 kan du møta eigedomsavdelinga i Salto Lobby Bar på Myrkdalen Hotel. Her kan du få informasjon om dei heilt nye eigedomsprosjekta som blir lansert i jula, samt planar for framtida.  Drikke blir servert. Velkomne! 

SKISENTER
Opningstider
Julaftan: Kl 09.30 - 14.00
1. juledag: Kl 11.00 - 15.30
Frå 2. juledag er skisenteret ope kvar dag frå kl 09.30 - 15.30

Kveldskøyring
Frå 27. - 30. desember kl 17.00 - 20.00 i Landsbybakken og Barneområdet.

Gratis skibuss kvar dag
Frå togstasjonen på Voss kl 8.30* og kl 10.00. Retur frå Myrkdalen kl 15.40

NB - det går ingen skibuss Julaftan og 1. juledag.
8.30 bussen frå 27. - 29. desember er ein vanleg rutebuss. 

OPNINGSTIDER MYRKDALSSTOVO
Velkomstsenteret vårt finn du i fyrste etasje i Myrkdalstovo. Her kan du kjøpa heiskort og eit lite utval daglegvarer. Du finn også ein kafè her med kaffi, ferske bollar og andre smårettar.

Julaftan 8.30 - 14.00
1. juledag: 10.30 - 16.00
2. juledag: 8.30 -  17.00
27. - 30. desember: 8.30. 19.00 
Nyttårsaftan: 8.30 - 16.00
1. januar: 8.30 - 17.00

MYRKDALEN HOTEL

Afterski på Myrkdalen Hotel 
Myrkdalen er kjend for snø av ypparste kvalitet og i store mengder. Namnet Pudder Afterski heidrar derfor varemerket vårt. Her byr me på fest og moro frå 26. desember - 30. desember kl 15.00 - 21.00

Nyttårsfeiring
Velkoment til nyttårsfeiring på Myrkdalen Hotel med 4-rettars middag i Restaurant Nuten, levande musikk og fyrverkeri. Bestill i resepsjonen: +47 47 47 16 00

Servering og program
Sjå program og opingstider for servering på Myrkdalen Hotel (23. desember - 1. januar)

23. desember   
Kl 08.00 – 10.30: Frukost i Restaurant Nuten
Kl 16.00: Gløgg og pepperkaker i Salto Lobby Bar
Kl 18.00 - 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30 - 22.00: A la carte i Restaurant Nuten

24. desember  
Kl 08.00 – 10.30 Frukost i Restaurant Nuten
Kl 11.00: Varm saft og pepperkaker i Salto Lobby Bar
Kl 16.00: Gløgg og pepperkaker i Salto Lobby Bar
Kl 18.00 – 21.00: 3-rettars middag i Restaurant Nuten - ein kan velgja mellom tre hovudrettar. Me håpar nissen rekk det;)
Kl 21.00: Kaffi og julekaker i Salto Lobby Bar

25. desember  
Kl 08.00 - 10.30: Julefrukost i Restaurant Nuten
Kl 16.00 - Risengrynsgraut, pepperkaker og saft i Salto Lobby Bar
Kl 18.00 - 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30 - 22.00: A la carte i Restaurant Nuten

26. desember 
Kl 08.00 – 10.30: Julefrukost i Restaurant Nuten
Kl 15.00: Afterski i Pudder
Kl 16.00: Gløgg i Salto Lobby Bar
Kl 18.00 - 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30 - 22.00: A la carte i Restaurant Nuten

27. desember   
Kl 08.00 – 10.30: Frukost i Restaurant Nuten
Kl 15.00: Afterski i Pudder
Kl 18.00 – 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30 – 22.00: A la carte i Restaurant Nuten

28. desember  
Kl 08.00 – 10.30: Frukost i Restaurant Nuten
Kl 15.00: Afterski i Pudder
Kl 18.00 – 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30 – 22.00: A la carte i Restaurant Nuten

29. desember  
Kl 08.00 – 10.30: Frukost i Restaurant Nuten
Kl 15.00: Afterski i Pudder
Kl 18.00 – 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30- 22.00: A la carte i Restaurant Nuten

30. desember  
Kl 08.00 – 10.30: Frukost i Restaurant Nuten
Kl 15.00: Afterski i Pudder
Kl 18.00 – 21.30: Dagens middag i Restaurant Nuten
Kl 17.30 – 22.00: A la carte i Restaurant Nuten
Kl 22.00 – 02.30: Nattklubb Pudder

Nyttårsaftan     
Kl 08.00 – 10.30: Frukost i Restaurant Nuten
Kl 15.00: Gløgg i Salto Lobby Bar
Kl 17.00 – 17.30: Aperitiff i Salto Lobby Bar (1. bordsete)
Kl 17.30: 4 retters nyttårssoupe i Restaurant Nuten (1. bordsete)
Kl 18.30 – 19.30: Aperitiff i Salto Lobby Bar (2. bordsete)
Kl 20.00: 4 retters nyttårssoupe i Restaurant Nuten (2. bordsete)
Kl 22.00: Dans i Storebotn
Kl 22.00 – 02.30: Nattklubb Pudder
Kl 24.00: Fyrverkeri

1.januar              
Kl 08.00 – 11.00: Nyttårsbrunch i Restaurant Nuten

Sport1 SkiSeksa

Gruppeundervisning for vaksne og born til kun kr 100 per person, foredrag, salsmesse, skidemo og meir!

Pris fra NOK 100,-
Les meir og bestill