Kamben Kafé og bar

Kamben Kafé & Bar

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Bar.

Her kan du nyta enkle rettar, den beste kaffien i området og eit stort utval øl frå lokale bryggeri.

Me viser også sportsendingar på TV-skjermane våre. Er det store fotballkampar eller vinteridrettssendingar på gong så skal me sjølvsagt sørga for at du ikkje går glipp av dei.

Kamben Kafé og Bar
Få med deg spennande fotballkampar og kos deg med noko godt i glaset.

 

Kamben Kafé og Bar
I vekedagane er Kamben Kafé og Bar den naturlege møteplassen etter ein fantastisk skidag. Baren byr på ein avslappa afterski-atmosfære.

 

Bolle og kaffi i Kamben kafe og bar
Visste du at den beste kaffien i området får du her?

 


 

Kamben er inspirert av fjellet Bjørndalskamben

Med 1402 moh. er Bjørndalskamben det høgaste fjellet i Myrkdalen, og frå toppen er det storslått utsikt mot Hurrungane, Fresvikbreen, Vikafjellet, Myrkdalen og Vossefjella.

Arkitekten har også latt seg inspirera av fjellet, og ser du godt etter kan du finna att likheitstrekk mellom bygget og formasjonen på fjellet.

Konseptet med lokal forankring er vidareført inne i lokalet med innslag av stein- og naturelement. På drikkemenyen finn du sjølvsagt eit stort utval av lokalt øl.  

Kos deg med noko godt i glaset!