Kamben Kafè & Bar

I fyrste etasje i Kamben,  rett ved Myrkdalsstovo og Myrkdalen Hotel, har me opna ein ny kafè og bar.

Her kan du nyta enkle rettar og eit stort utval øl frå lokale bryggeri. Me viser også sportsendingar på TV-skjermane våre. 

Opningstider vintersesong 2019 / 2020
Måndag: stengt
Tysdag - torsdag: Kl 09.00 - 22.00
Fredag - laurdag: Kl 09.00 - 23.00
Sunday: Kl. 09.00 - 17.00     

Opningstider påskeferie 2020
Måndag 6. april - sundag 12. april: Kl. 8.30 - 23.00
Måndag 13. april: Kl. 8.30 - 17.00

Kamben er inspirert av fjellet Bjørndalskamben som strekkjer seg til 1402 meter over havet. Dette er det høgste fjellet i Myrkdalen og frå toppen har ein storslått utsikt mot Hurrungane, Fresvikbreen, Vikafjellet, Myrkdalen og Vossefjella. Arkitekten har også latt seg inspirera av fjellet og ser ein godt etter kan ein finna att likheitstrekk mellom bygget og formasjonen på fjellet. 

Konseptet med lokal forankring er vidareført inne i lokalet med innslag av stein- og naturelement. På drikkemenyen finn ein sjølvsagt eit stort utval av lokalt øl.  

Kos deg med noko godt i glaset!

 

Sjå fleire

Kafèar og restaurantar i Myrkdalen