Frå sesongkort til årskort!

Nytt i år er at sesongkortet er utvida til eit årskort, som også gjeld sommarheisen 2020. I tillegg er familiekortet utvida til å gjelda alle born under 20 år som bur på same adresse. 

Me gjer oss klare til ein ny og innhaldsrik vintersesong i Myrkdalen! Nytt snøproduksjonsanlegg i løype 1 og 6, Barneområdet og Landsbytrekket blir tatt i bruk så snart forholda tillet det, skibrua frå Helgatun til Årmotslia er klar i desember og endeleg kan me ta i bruk torget og området rundt til skileik og servering.

Me set preparering av løypene våre i høgsetet og er oppteken av å levera kvalitet på løypene våre - kvar dag gjennom heile vinteren. Familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng - alt finn du hjå oss! 

Er du usikker på kva kort som er rimelegast for familien din? Her er nokre oppsett som kan hjelpa deg.
1. 2 vaksne + 2 born, der eine bornet er 19 år og student
Etter at aldersgrensa på familiekort har gått opp til 20 år, er årskort familiepakke det rimelegaste.
2. 2 vaksne + 1 barn 19 år på vidaregåande skule
Framleis er det årskort familiepakke som gjeld, sidan alternativet blir 3 individuelle årskort sidan 19-åringen ikkje er student.
3. 2 vaksne + 1 barn under 18 år.
Her er det rimelegaste alternativet to individuelle årskort vaksen og eit individuelt årskort for born.

1. KAMPANJEPERIODE 1. - 15. OKTOBER

Pudderparadiset Myrkdalen

Prisar
Vaksne 18 -64 år: 4990 kr
Born 7 - 17 år / Senior 65 + år: 3950 kr
Familiekort: 14 600 kr

- Familiekortet gjeld inntil to vaksne (føresatte) og alle born under 20 år som bur på same adresse. Born under 7 år køyrer gratis i skianlegget ved bruk av hjelm. 
- Alle korta gjeld vintersesongen 2019 / 2020 og sommarheisen som går i juli og august 2020.

Ordinære prisar etter 15. oktober
Vaksne 18 -64 år: 5200 kr
Born 7 - 17 år / Senior 65 + år: 4100 kr
Familiekort: 14 900 kr

- Familiekortet gjeld inntil to vaksne (føresatte) og alle born under 20 år som bur på same adresse. Born under 7 år køyrer gratis i skianlegget ved bruk av hjelm. 
- Alle korta gjeld vintersesongen 2019 / 2020 og sommarheisen som går i juli og august 2020.

2. KNALLTILBOD FOR STUDENTAR, VERNEPLIKTIGE OG PENSJONISTAR

Er du fulltidsstudent over 18 år, er vernepliktig eller pensjonist over 70 år? Me har eit knallgodt tilbod til deg på årskort i Myrkdalen, som gjeld vintersesongen 2019/ 2020 og sommarheisen som går i juli og august 2020!

ÅRSKORT - KR 1990,- for:
- Fulltidsstudentar over 18 år på høgskular, universitet og fagskular som har gyldig studentbevis og innbetalt semesteravgift
- Vernepliktige som dimmiterer i april 2020
- Pensjonistar over 70 år

Kortet inkluderer vintersesongen 2019 / 2020 og sommarheisen som går i juli og august 2020.

- Kortet kan kun kjøpast i billettluka i Myrkdalsstovo mot gyldig bevis.
- Gyldig bevis må medbringast under bruk i skianlegget gjennom heile sesongen. 

3. HEILÅRSKORT - MYRKDALEN, VOSS RESORT OG FONNA

Det siste kortet me tilbyr er for deg som likar variasjon! Heilårs skikortet gjeld i Myrkdalen vinter og sommar, Voss Resort i vintersesongen 2019 / 2020 og FONNA Glacier Ski Resort sommaren 2020 (25.april - 22.august). 

Prisar
Vaksne og born 7 - 17 år: 6900 kr

NB! Heilårskortet gjeld ikkje Voss Gondol sommaren 2020

Kjøp heilårskort her. Begrensa antal - fyrstemann til mølla!

Myrkdalen Aktiv - rabattar og medlemsfordelar
Har du fått med deg kundeklubben vår Myrkdalen Aktiv? Dette er ein gratis klubb for alle som har hjarte for naturopplevingar i Myrkdalen. Få rabattar, medlemsfordelar og gode tips på e-post!

Fordelar
- 20 % rabatt på alle ordinære varer hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige
- 15 % rabatt på alle ordinære varer hjå Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss
- Spesialtilbod på opphald, servering og aktivitetar i Myrkdalen
- Spesialtilbod på ski- og sykkelutleige og vedlikehald av ski/brett
- Temakveldar
- Nyheitsbrev med tidleg varsel om det som skjer hjå oss

Les meir om Myrkdalen Aktiv